laurdag 12. mai 2007

Solborg no more...

Dei siste dagane på Solborg gjekk i å samle helsingar bak i årboka mi. Her sit vi ein gjeng og skriv til kvarandre. I dag var siste skuledag. Heilt grusomt å tenke på alt eg ikkje skal gjere meir... det blir ikkje fleire sykleturar med Marianne, ikkje meir henging med gode venner, ikkje fleire pizzakvelder med venninnene frå Flekkefjord, ikkje meir filming i IMIkirken...

Eg skal innrømme det; eg grein i dag. Men ikkje før på fellessamlinga på slutten av skuledagen, midt under talen til rektor, av alle ting... Og då eg skulle klemme gode venner for siste gang, knakk eg heilt. Kjem til å savne dåke alle!

Solborg folkehøgskule har vore veldig bra for meg, spesielt sosialt sett. Trong verkeleg eit år fri for karakterstress og dagleg pendling. Eg har fått bli kjend med mange bra folk, blitt utfordra på mange måtar, og utvida perspektivet mitt. Er begynt å bli litt klar for å studere. Like greit, for eg har ikkje kjent "kallet" til så mykje anna.

Alle som fortsatt er i Stavanger: vi snakkes plutselig!