torsdag 28. juni 2007

I soendagsskolelandet...

Daa er vi i Israel for lengst... Soendag flaug me fraa Stavanger til Tel Aviv, med mellomlanding i Frankfurt. Dei tre foerste dagane budde me i Natanya, der me slappa av, avklimatierte oss og koste oss paa stranda ved Middelhavet.

Onsdag vart foerste sightseeingdag, med alt det innebaerer av koeyring, svetting og severdigheter. Foerst var me innom Caesarea (bildet), byen der apostelen Peter vitja heidningen Kornelius, der Paulus var fange, og Herodes den store realiserte visjonen sin om ein stor og flott by med havn. No ligg sjølvsagt bare ruinene attende, men det var interessant aa sjaa og forestille seg korleis byen ein gong var.


Karmelfjellet var ei vanvittig oppleving. Vi stod paa toppen og las teksten om Elias som vann over Baals profeter, og eg vart heilt roert. Skikkelig sterkt at eg var der Gud for fleire aartusen sidan gjorde mektige ting. Aa vite at dalen med saag utover, harmageddonsletta, ein dag skal vere aastad for den siste krig mellom Israel og verda, gav meg gaasehud.

Deretter bar det til Nasaret, der vi vitja Bebudelseskirken, der Maria visstnok skal ha hatt besoek av engelen Gabriel. Kvifor dei bygger kirker for slike ting fatter ikkje eg, men det er no og ein maate aa bevare slike stader paa.
Saa var vi innom Nazareth Village, der kristne arabarar hadde laga til slik det var paa Jesu tid, med hus og statistar. Stilig. T.h. Louise, søstra mi.

Tilslutt enda vi opp i ein kibbutz soer for Genesaretsjoen, der vi skla bu i fire netter. Her var det sinnsjukt varmt! I Natanya dempa brisen for Middelhavet varmen, men her, langt inne i landet og nokre hundremeter under havet, stod lufta heilt stilt.

laurdag 23. juni 2007

Vi er på veg!

Då er den uoffisielle Israelstur-bloggen i gong.

Søndag tar eg og familien fly til Israel tidleg om morgonen, og vert der i to veker. Det er heilt utruleg at vi faktisk skal reise dit.
I dag kjørte vi frå Bergen til Stavanger, ein lang og keisam reise.
No bur vi på hotell like ved Sola flyplass. Vi skal stå tidleg opp og møte til innsjekk kl.04.30.
Mamma har det fint. Takk til alle som har bedt for oss.

Beklager til alle venner i Stavanger eg ikkje rakk å helse på i dag, hadde simpelthen ikkje tid.

Ein kuriositet: Brann-laget bur på samme hotell som oss :) Litt vittig å møte dei i heiser og resepsjon.

måndag 11. juni 2007

Karinas utdritningslag

Den berømte datoen 7.7.07 seier ho ja til sin kjære Lars i Ålesund. Men før den tid, fann vi ut at litt utdritning måtte til. Lørdag 9. juni troppa eg, Tina og Synnøve T opp på jobben til Karina i Kristiansand, og fekk ho til å skifte til "brureklede". Dei bestod av ei t-skjorte med påskriften "ÅJ! JEG SKAL GIFTE MEI", og ein blondeduk forvandla til eit slør. Det noko unormale antrekket vakte ei viss merksemd mellom forbipasserande og folk som sat på uterestauranter, utan at Karina lot til å la det dempe gleda over å endeleg få ut sitt sanne eg.

Karina ante ikkje på førehand at eg og Tina var der, så det heile var ei gledeleg overrasking for hennar del. Ho måtte utføre ein del oppgåver, fekk nellik, sjokoladepenger, og ein badeartikkel for kvar gong, og endte opp slik de ser henne over :)
Karina måtte pusle eit barnepuslespel midt i gågata i Kristiansand, medan ho spurde etter hjelp frå forbipasserande. Den gamle mannen i bakgrunnen på biletet sat og såg på, og fulgte med litt nedover gata! Vittig.

Deretter hang ho opp plakat om portretteikning for 20kr, og teikna folk. Somme betalte til og med, sjølv om resultatet gjerne ikkje alltid blei like fint. Første kunde var ei anna brud som valsa rundt i ei skidrakt, med plakaten "siste sjanse til å kysse bruden".


Vi haldt på å renne vekk i den unorske varmen, så vi tok ein forfriskande is på McDonalds. Medan vi åt, skreiv Karina eit utbrodert kjærleiksdikt til sin komande ektemann. Så ringte ho til han, las det opp med ei innleving som ville ha rørt stjernene, og la på. Deretter måtte ho finne ein annan mann og lese det til, i tillegg til å gje alle dei opptente nellikane til han. Mannen vart så forfjamsa at han ikkje heilt visste kor han skulle gjere av seg, medan vennene hans koste seg godt. Vel utført, Karina!

Etterpå bar det ned til Nupenparken ved sjøen, der den nye utfordringa var å klatre opp i fem tre. Dette var yndlingsaktiviteten tidlegare, men ho kunne etter klatringa utslitt konstatere at det var lenge sida sist.

Siste premie var ein flytemadrass. Og kva gjør ein med badering, armringar og flytemadrass? Jo, ein bader! Karina blei sendt inn i fontenen i parken, der ho fikk drahjelp av ein badande liten gutt, og blei klissvåt.















Så fulgte det mest vondskapsfulle i heile programmet; Karina fekk bind for auga, blei snurra rundt, og geleida på den venlegaste måten til kanten av kaien. Ho ante visstnok ikkje kva som var på ferde, sida ho allereie hadde bada, men skjønte det då vi dytta ho ut i sjøvatnet. Det skjedde til ville protestar, heilt til ho kjente at sjøen var varm.

Dagen vart runda av med heimalaga pizza, frukt og is i Thorsheims stilige bolig, saman med enda fleire venninner.

Karinas kommentar: Kunne gjerne vart enda lengre!