måndag 25. august 2008

This is our garden (!)

Då er eg i gong med engelsk årsstudium. Eg er klar for eit nytt år med nye moglegheiter, starte på ny att. Ei god kjensle. Både klassen og forelesarane virker ålreite, så eg håper dette vert eit fint år, trass i all lesinga som skal til. 

Det går så det knaker i korsryggen og er ømt i diverse ryggmuskler, men eg er snart på bedringens veg! Har nemleg ikkje myalgi og problem med armene, men knuter i ryggmusklane osv, som var årsaken til vondt i armane. Greit å endeleg finne det ut...

Ellers er eg vel nøgd med sambuarar og bustad for året. Vi leigar eit heilt hus, sentralt og fint, med diger stove og hage :) Og ekstra madrass, så det er bare å kome på besøk folkens...
Hin dagen sat me ute og spelte gitar, tverrfløyte og song, alt frå lovsongar til DDEs "det går likar no" :) 

Ellers har eg nok ein gong hengt meg opp i standard sørlandske uttrykk som "se det!", "javel" og "veldig greit". Sørlendingene seier det heile tida, så det er vanvittig artig når eg legg merke til det. Alt er så "greit", same kva det gjeld. Men det er greit det altså...

onsdag 6. august 2008

Snart skulestart...

I år: engelsk på UiA.
Det blir spennende, utfordrende og tidkrevande. Men alt makter eg i Han som gjer meg sterk!
Håper å fortsette på journalistikk neste år...