fredag 17. oktober 2008

Historiens gang



Sitat frå ein artikkel i kompendiet vårt i British Studies, om utviklinga av romanen som sjanger på 17-1800-tallet (mi utheving): 

"Indeed, it has been said that the novel as a genre came into existence at that point in history when God the father ceased to be central in people´s experience, and that all novels search for an order to take the place of security of the original patriarchal order." 
John Peck, Studying fiction and prose

Litt trist, egentlig. 

tysdag 7. oktober 2008

Å ikkje miste seg sjølv

For eit par år sida dro eg som ung og uutklekka journalist til Skjærgårds M&M på Risøya. Eg intervjua ei ung kvinneleg artist frå Bergensområdet, som skulle ha konsert i begynnelsen av veka. Ho sa mellom anna noko som eg framleis hugsar, etter utallige intervju på diverse sommarstemner.

Eg spurde om noko i retning av "kor mange trur du kjem for å høyre på?" 
Då svara ho sånn cirka: 
"Det er ikkje så viktig. Dersom eg skulle bekymra meg for sånt, trur eg eg hadde mista meg sjølv."

Den siste leddsetninga har hengt seg fast hjå meg. Å miste seg sjølv. Kva vil det seie? Kva er "ein sjølv"? 

Mister vi oss sjølve når vi lar suksess gå til hovudet, lar profitten gje meininga med livet? Som artist og kunstnar skal det jo ikkje vere kvantitet, men kvalitet som tel. 

Mister vi oss sjølve når vi lever eigne liv i cyber space, og brukar mindre av tida i det verkelege liv? 

Eg kjenner at det lett kan gå utover kor godt eg har det med meg sjølv, når eg stresser veka igjennom for å planlegge og gjennomføre alle postar på programmet. Til tider har eg utruleg lite tid der eg i ro og fred kan nyte livet. Det handlar ofte om å ta seg tid. Nyte naturen. Kose seg med venner. 

I kollektivet der eg bur, har eg blitt flinkare til å setje meg ned, ta ein kopp te, og slappe av litt. Og til frukost, tar eg ofte fram Bibelen, og følger ein bibelleseplan. Då har eg det godt med meg sjølv. Og med Gud. 
Eg trur det med "sjølvet" og har samanheng med forholdet til Gud. At ein kan kvile i det at ein er god nok for Gud, og ikkje treng å gjere masse greier for å verte perfekt. 

Ta pauser. Slapp av, og vit at Gud elsker deg for den du er.