laurdag 31. januar 2009

Vinter på Sørlandet

Fantastisk å endeleg sjå masse snø på ein gong! Kristiansand er på mange måtar kald, men har på ingen måte jevnt med snø om vinteren. Dei to førre åra har det gjerne kome ein halvmeter med snø på ei natt, som så forsvinn etter to veker. (Noko som forøvrig ikkje har skjedd så langt i år.) Litt greit å ha variasjon, men det kunne godt vore meir snø her. 

Så hin helgen dro eg litt lenger inn i landet, til mine kjære slektningar utanfor Lyngdal. Og der dei bur, var det jammen meg santen snø! Og kram snø til og med. Eg og mi kjære kusine Cecilie  (under) koste livet av oss. 
Også laga me ein snømann. Nokon som kan sjå kva den skal forestille? 



Konsert med Tommy Tokyo

Ja, du leste riktig. Det fins ein norsk artist som kallar seg Tommy Tokyo. Eg har ikkje forska på namneopphavet, så årsaken får vi hellar kome tilbake til. Eg såg reklame for cden hans på tv, og tenkte "hehe, litt sånn harrymusikk sikkert." Men så såg eg ein plakat på universitetet, der det blei annonsert ein gratiskonsert med Tokyoen sjølv, på vår eigen studentpub! Tommy Tokyo & Starving For My Gravy, for å vere heilt nøyaktig. 
Og sida det er langt mellom gratiskonsertane (så vidt eg veit jaffal), så måtte vi jo nesten kome oss av garde. 

Vel ein god time etter at konserten skulle ha begynt, kom endeleg bandet opp på scenen. Eg hadde plass heilt framme, der eg forventa å ha god utsikt, men så hadde Tommy sjølvsagt satt opp ein ropert på eit stativ i augehøgde, mellom meg og han. Så store delar av tida var anledet hans rett og slett gøymt bak roperten, med mindre han ikkje song, eller snakka inn i roperten. Jaja. 

Musikken var... sær. Eg aner ikkje korleis eg skal karakterisere musikken hans. Eg er ingen musikkjournalist. Men det var originalt og artig. Gjer opp di eiga meining på  http://www.myspace.com/tommytokyo. 

Hybelretten 2

Smørbrød! 

Ta ei skive, gjerne ei rista grovbrødskive, smør på til dømes pesto, urtekremost eller smør. 
Så kjem eit lag med salatblad, før du slenger på ein god ost og eit kjøttpålegg, som fårepølse eller krydderskinke. 
Deretter legger du på tomat, agurk, sukkererter, vårløk eller kva som måtte falle i smak. 
Til slutt topper du med gode krydderier, som pizzakrydder, oregano, kvitløk, gressløk, persille, pinjekjerner, etc. 

Og dermed har du ein veldig god lunsj :) 

søndag 4. januar 2009

Nye ski i 2009

Ja, då har det legendariske skjedd: eg har blitt eit par langrennsski rikare. Takk pappa! Vi testa dei ut dei to første  dagane i året. Vi var med ei tante og familien på hytta dei leigar på Kvamsskogen utanfor Bergen. Takk for turen! 

Då er det studiestart att imorgon. Var deilig å kome tilbake til kollektivet, der dei andre hadde ommøblert stova. Så kjekt med litt forandring!