måndag 10. august 2009

Lureri på Ica Maxi

Då eg skulle handle på Ica Maxi i dag var det avertert med eit stort tikronersmarked. Eg endte opp med ei korg full av stæsj eg strengt tatt ikkje hadde planlagt å kjøpe, men "det er jo så billeg"... Gleda var stor då eg fann tilbudet over: fårepølse til bare 10 kroner pakka! Det plar kosta oppi 40 kroner, så eg tenkte at dette var eit retteleg godt tilbud. 

Men då eg skulle ta eit eksemplar, var pakka vanvittig lettvektig samanlikna med vanleg tyngde... Også i ostedisken fann eg eit tilsvarande døme med lav pris og lite innhald. 
Dei har rett og slett fått med enkelte av  leverandørane på ein "lavpriskampanje" der dei lurar folk til å tru at dei får meir for pengane. 
Sleipt! 

Og endeleg kom sola...


Då, etter månader med ventning på det regnvåte Sørlandet, kom endeleg sola forrige veke for å brune min bleike kropp. Over frå rekreasjon på bystranda. Under frå formiddagsbad i Baneheia. Nydeleg og lett tilgjengelg turområde. I love! Det er heilt fantastisk å gå uti og kjøle seg ned i vatnet, det gjev ei herleg velvære-kjensle, særskild etter veker med jobbing og stress. Men no er jobben ferdig! Jadda! Ei veke til studiestart, og den skal nyatst. Vonar veret held seg der det skal... 

måndag 3. august 2009

Nilsen og co rocka i Ravnedalen

Denne helga var eg på mi største oppleving denne sommaren, utanom ferie og turar: Ravnerock i Ravnedalen, Kristiansand. Eg hadde gleda meg lenge og vel, og fann heldigvis nokon å gå i lag med. Miriam på bildet over og Anne Jorunn på bilde nr. 3. Kjempekjekt! Fredagen fekk vi med oss det kraftfulle jentebandet Katzenjammer og det kommersielle, men dog så fengande showet til Lind, Nilsen, Fuentes og Holm. Det var vanvittig kjekt! Vi stod rett foran scenen og koste oss. Fine låtar, masse folk og opphaldsver gav ei god stemning eg vil hugse lenge.


Det var alt frå meir rocka sangar til balladene deira, og sjølvsagt kom Halleluja-covringa heilt til slutt, då vi nesten begynte å lure på om dei hadde gløymt å ta den med. Det hadde vore litt krise... Ikkje at versjonen er så fantastisk, men fordi det er heile greia med den gjengen, for min del. Ellers tykkjer eg Nilsen var best, som alltid. Vakker røyst! Eg og Anne Jorunn nyt :)

Lørdagen blei eg og Anne Jorunn nærast buande i Ravnedalen frå Thom Hell spelte i 16-tida. Vi fann ein benk og rigga oss med liggjeunderlag, klede, niste, bollar og kjeks. Etter Hell, som er
hel(l)ten til Anne Jorunn, kom Vidar Johnsen og Peter Nordberg. Dei var litt skuff, egentlig. Så små og slaskete kledd... Jaja.

Deretter var det Christiansand String Swing Ensemble sin tur til å setje fart i publikum. Og det var saker. Eg likte stilen og showinga deira. Vokalisten dansa og tok heilt av. Kjekk gjeng! Dei skal visst spele inn album til sitt eige tiårsjubileum og halda konsert i oktober. Få den med deg :)

Så kom det eg egentleg var på Ravnerock for: Marit Larsen.
Ho var søt og sjarmerande, som alltid, og bare lo forsiktig då ein lett berusa mann kom med fornærmande replikkar. Hitane og låter eg ikkje har fått med meg før kom på rekke og rad utan å engasjere kroppen noko meir enn lett gynging. Til samanlikning med Nilsen og co var det ikkje så dansbart, med mindre ein har ein kjærast å henge på, men kosleg var det jo.

Til slutt kom Morten Abel og The September When, over ein time forsinka. Vi gad berre høyre eit par sangar før vi måtte tusle oss i køy for å møte jobbmorgondagen. Eg var interessert i å sjå Morten Abel på scena fordi eg, som nevnt i eit blogginnlegg i fjor, møtte han på filminnspeling av Yohan. Då spanderte han tyggis på meg og greier... wehey.
Gler meg til fleire konsertar til hausten! Neste er studiestartfestivalen på UiA med Datarock og Postgirobygget. Blir nice.

Ostekveld med ny vri

Då eg var heime testa me ut diverse ostar med kjeks, druer, bringebær og honning (!). Det siste innslaget stod ein kokkekompis av bror min for. Interessant. Skikkeleg kosleg kveld med gjengen. Men eg likar framleis ikkje blåmuggost. Og mugla camenbert var litt for... muggen. Men elles var det fint :) Stemning!