fredag 25. september 2009

Lady Krykke

Då er eksamen i samfunskunnskap for journalistar vel overstått, og godt er det. No ventar veker med intern praksis.

I går gjekk vi ein tur der eg prøvde meg på longboardet til sambuar Janne. Det er ein type rullebrett. Det såg så kult ut at det måtte eg prøve. I begynnelsen gjekk det veldig bra, men på eit tidsspunkt mista eg balansen, datt og vrei ankelen. Å, inni granskauen så vondt det gjorde! Janne var snill og henta sykkelen min så eg kom meg heim, og heldigvis hadde vi eit par krykker liggande frå nokon i huset forstua tåa i vår. Dei humpa eg rundt på i dag då eg tok eksamen.

Foten var fin i går, heilt til eg skulle legge meg, då var den blitt hoven og blå, så eg iste den ned litt. I dag var eg på legevakta. Intet brudd, det visste eg forsåvidt, men fekk beskjed om å halda foten høgt oppe og bruke krykker nokre dagar. Wehey.. Heldigvis er dette ein skade som går fortare over enn andre ting. Kan ikkje anna enn å slappe av då :)

tysdag 15. september 2009

Eg skal til Afrika!

Jadda, 17. november ber det avgarde på studietur til Afrika. Der skal eg opphalde meg ein månad, så det vert spanande. Først tre veker med intens undervisning og safari, litt i Etiopia og resten i Kenya, og så ei veke avslapning på Zanzibar. Nice eller? Gler meg veldig!

søndag 13. september 2009

Glimt frå studiestart


Hei, alle kjære lesarar :)
Då er eg komen godt i gong med 2. år på journalistikk og altså 3. år i bachelorgraden. Her er nokre bilete frå august. Øverst: Konsert med Datarock på Studiestartfestivalen på UiA. Artig å ha opplevd den gruppa og. Hadde visst nett sluppe eit album og var på veg ut av landet på turné.

I år som i fjor joinar eg KRIK Aftersvett, sosiale greier etter treninga på fredagar (som eg ikkje går på, eg trener heller styrke for meg sjølv pga div.. ) Her har altså to kjekke karar kost seg grådig med å knyte saman alle skorne til ein ball.

Eg bur på same plassen som i fjor, med to av dei same jentene og ei ny. Her frå ein tur med to av dei i nabolaget, der vi fann dette sjarmerande gamle barnehageleikeapparatet :) Vanvittig artig! Eg og Åshild tråkkar, Hanna filmar.


Ellers har eg gleda meg lenge til å oppleva ein fotballkamp på Sør Arena, og venta til Brann kom for å sloss mot Start. Eg hang meg på ein gjeng med Brannfans og hadde det artig. Ein kar på raden foran likte ikkje å høyre Startsangen...
Eg og Line G hadde det artig. Det gjekk som det måtte gå, Brann vann over Start 1-0 :) Veldig greit. Førre gong eg var på kamp var som russ på 16. mai 2006 og då vann Brann og :) God statistikk på det.


Seierskommentaren