laurdag 17. oktober 2009

Overnattingstur til Songvaar fyr


Då er eg på tur med Krik til denne nydelege staden utanfor Søgne. Veret er fantastisk og vi slapper av så godt vi kan. Morfar jobba som fyrmeister i 48 år, og naturen er ganske lik den heime,så det er kosleg for meg:) Tenk å jobbe på ein så aude stad som dette! Bra gjort. Men så fekk morfar og kongens fortentsmedalje i sølv...

onsdag 14. oktober 2009

Eg får Bart i studio :)

Foto: Helge Hansen
Hei og hå :)
I morgon får eg bergensbandet Bart i studio på Sørnett webradio. Dei er på jakt etter gode innspelingstoalett (!) til sitt nye album. Sending kl 14-15. Kom og hør!


tysdag 13. oktober 2009

Programleiar på Sørnett Radio

Eg skal vere programleiar onsdag til fredag denne veka for kulturmagasinet Menyen.
Det er frå kl 14-15 på www.sornett.no. Klikk på den raude logoen med Sørnett Radio for å lytte.

Kom elles gjerne med tips!

Høres :)

fredag 9. oktober 2009

Sjå nettsaker på Sørnett

Dei tre siste dagane har vi hatt konvergenskurs på journalistikklinja. Det vil seie at vi på radio og tv bytar med avis/nettavis. Vi har skreve saker til Sørnett, skulens nettavis.


Neste veke begynnar fem vekers intern praksis på tv, radio og nettavis. Eg vil oppdatere med når eg har radiosendingar her på bloggen, så følg med :) Det leggast og litt ut på Sørnett etterkvart.

Kom gjerne med kommentarar og tilbakemeldingar på sak, form og innhold.

tysdag 6. oktober 2009

Fårikålkoking for koneemner

For eit par helgar sida feira me fårikålens dag (eit par dagar på etterskudd) i kollektivet. Her lagar eg og Janne skikkeleg nordkvinnekost til 6 personar.
Som Janne seier; -Vi er de beste koneemnene ever!!
Fårikål er lett å lage, men dyrt å kjøpe, så dette var nok ei eingongshending i haust.