fredag 27. november 2009

Artig veke i Nairobi

Onsdag var vi på vitjing i dei nye lokala til den uavhengige kenyanske avisa The Standard. Den er visstnok den største avisa i østafrika eller jaffal det største mediehuset, med både avis, nettavis og tv-stasjonen KTN. Vi var første gruppe som var på besøk i dei nye lokala litt utanfor byen, og tv-lokalene var ikkje på plass, men vi fekk omvisning i trykkjeriet deira. Det var digert! Første gong eg har vore inne i eit trykkeri, så eg har intet samanlikningsgrunnlag, men dei andre meinte det var større enn dei i Norge. Ikkje så rart, når Kenya har ein del fleire millionar innbyggjarar enn oss... Her er f.h. ansvarleg redaktør i dagsutgåva av The Standard Kipkoech A. Tanui, og Joe Kadhi, ein helt innan kenyansk journalistikk, som har laga forelesningsopplegget for oss. Han er med på dei fleste timane og bidreg med spørsmål, kunnskap og historiar frå hans glanstid.

Den tidlegare redaktøren av avisa The Daily Nation i tjue år er stolt over at han blei sparka frå stillinga si for å ha publisert ei historie som presidenten nekta han å setje på trykk. Ytrings- og trykkjefridom, samt etisk medvit er mellom fanesakene hans. Stor respekt for den mannen! Tanui er faktisk ein av hans tidlegare studentar.

Etterpå dro me på shopping i byen. Eg, Lisa og Candida (f.v. over) var innom eit "afrikansk marked" som nokon kalla det (som om me ikkje allereie er i Afrika...), der eg ville kjøpe nokre tresmykker. Dei var veldig ivrige etter å selje meg 6 stykker for 9000 kenyanske shilling (dvs ca kr 700). Det gjekk eg sjølvsagt ikkje med på. Det var truleg bare verdt max 1200 shilling til saman.
Eg haldt fast på det og prøvde å gå, men dei sperra utgongen for meg. Det vart veldig intens diskusjon med argument som "don't kill us" og "you are killing us with this price". Til slutt var vi nøydd til å gå pga turbussen venta på oss, men dei nekta å la oss gå. Endte opp på 1500 skilling, og det var greit for eg hadde jo lyst på smykka.

På kvelden vitja eg ein norsk misjonærfamilie som også bur på SMCC-området: Turid og Janesh Amenya med to gutar. Turid er frå same kommunen som meg, og eg har kjent dei sidan eg var liten, så det var artig å helse på.

Torsdag var det første undervisningsdag her vi bur på SMCC /Den norske skulen. Deilig å sleppe å stå opp så grytidleg for å køyre til hi sida av byen... Eg har dessverre blitt forkjøla og ekkel i kroppen, men det går vel over etterkvart.

Etter skulen fekk eg bada litt i bassenget på området. Det var første bading på Afrikaturen for min del. På kvelden skulle vi ut heile gjengen og ete på ein stad som heiter Carnivore (=kjøtetar), der dei serverte kjøtet direkte frå grillspyda på fatet ditt.
Vi fekk kalkun, lam, biff, svin, struts (?) og krokodille! Krokodillen var faktisk god. Min bit smakte litt stram kylling. I anledning måltidet fann Mailinn og Iselin ut at dei skulle flate håret mitt, noko som bare har skjedd ytterst sjeldan i mitt liv. Helene styla, og resultatet er her:

Ikkje gale, tykkjer eg :)
Fredag var det vanleg undervisning. Eg skippa halvparten, og vitja i staden ein islandsk misjonærfamilie. Den yngste sonen hadde nemleg kameleonar, som han fann i buskane rundt om på SMCC-området. Kjekt!

måndag 23. november 2009

Undervisast av kenyanske lærarar

Då er undervisningsveka i gong. Vi stod opp før kl 6 for å rekke å vere på United States International University kl 9! Der skulle vi ha forelesning to dagar på rad. Det ligg nemleg på andre sida av Nairobi enn der vi bur, og trafikken er ein smule kaotisk. Vi kom fram litt over 8, så vi tok morgenkaffe på Safari Park Hotel, som ligg lite over gata ift USIU. Eg valde kakao, men den eg fekk må vere den kakaoen med minst sjokolade i i heile verda. Det var bare varm melk med litt krem og to dryss med sjokolade på toppen. Skuff!

Forelesningane var veldig interessante og gjekk rett på konflikten rundt presidentvalet i 2007 og etter lunsj; på den nye grunnlova som er på høring hjå befolkinga. Meget interessant, men dei siste timane etter lunsj (skule frå 9-16!) var vi ganske trøytte, og holdt på å sovne heile gjengen. Vonar vi er meir utkvilt i morgon...

søndag 22. november 2009

Sjiraffkyssing og kortskriving


Då er helga snart over. I dag gjekk nokre få av oss til nærmaste pinsemenighet for å delta på den første 1,5 timen av den tredje gudstenesta på dagen, kl 11.00. Eg forventa skikkeleg afrikansk songglede, men vart ein smule skuffa då det aldri tok heilt av. Ellers var det som i ein karismatisk menighet i Norge, jaffal etter mi erfaring; mykje song, engasjement, informasjon og folk. Vi gjekk faktisk før talen begynte, etter 1,5 time. Men det var godt å vere der.

Seinare på dagen dro vi til Giraff Centre der vi fekk kyssa ein sjiraff heile gjengen. Kjekt med litt nærkontakt, men guri kor vått og slimete...
Etterpå dro vi på shoppingssenter der eg kjøpte postkort, som eg skal sende avgarde så snart eg får tid...

Då er denne veka snart over, og i morgon startar vi med undervisning, som varar til og med tirsdag om to veker. Vi fekk detaljert program i kveld, og det ser veldig lovande ut, med forelesarar frå toppsjiktet i kenyansk samfunnsliv, og høgaktuelle tema. Dei skal greie ut om årsakane til og etterdønningane etter opprøret rundt presidentvalet i 2007, samt forklare forslaget til den nye konstitusjonen. Forslaget blei offentleggjort i media denne veka. I tillegg får vi ei innføring i medie-Kenya.

Etter all undervisninga skal vi vitje ARC i vest-Kenya. Anar ikkje heilt kva det er, men det er vel nokon slags hjelpearbeid. Deretter skal vi på safari i Maasai Mara, før vi dreg vår kos ei veke på Zanzibar. Gler meg!

laurdag 21. november 2009

Pruting i Nairobi

Salama! Då har eg komt til Nairobi, dvs eg kom på fredag, men har ikkje fått komt meg så mykje på nett. No sit eg på macen til romvenninna mi Candy. (Takk skal du ha :) )
Lørdagen har vi brukt på å summe oss litt etter Etiopia, og shoppa på Masai Markedet inni Nairobi. Eg brukte over 7000 kenyanske shilling = ca 700 NOK på div suvenirer og gåver... Trur nok eg var hakket dårleg på prutinga i begynnelsen. Eg gjekk med Lisa (blå bukse) som fekk ting for halve prisen av det eg gjorde!
Før shoppinga åt vi lunsj på Stanley Hotel, der vi og fekk moglegheiten til å henge opp ei helsing til nett kven vi ville :)

Vi bur på den norske skolen eller Scripture Mission Conference Centre rett utanfor Nairobi sentrum. Møtte i kveld Ingjerd, ei eg gjekk i 1.klasse journalistikk med! Det var kjekt å sjå ho att, og artig å oppretthalde tradisjonen med å møte bekjente i utlandet (jf blogginnlegg frå Thailandturen då eg møtte vgsfolk)

I morgon skal eg bli med på gudsteneste i ein pinsemenighet borti høgget her. Dei har visst rundt 4000 medlemmar, så det blir nok ei musikalsk og kulturell oppleving!

Men no til fleire glimt frå Etiopia: Vi budde på dette hotellet: RAS Hotel, like i hovudgata i Addis Abeba. Det var 2-stjerners, med shabby rom der det krøp smådyr på veggene. Men det gjekk greit. Fekk prøve det eldgamle og ustemte flygelet i lunsjrestauranten medan hotellmanageren høyrte på. Han var skikkeleg stolt, men det var ikkje mogleg å spele på det for det var for falskt.. Særs i høgre halvdel.

Meg og Lisa på eit område kalt Piazza, der ein kunne få kjøpt gull. Her er me utanfor EMWA (Exchange Media Women Association) som trener opp og bevisstgjer kvinnelege journalistar.Siste kvelden var vi på tradisjonell etiopisk aften med dans og mat. Her et eg injera (=lefsa) med wott (ulike kjøttyper/salater) som du putter oppi injeraen. Eg tykte det var veldig godt. Eg har nemleg smakt det før, i eit etiopisk bryllup eg var gjest i i Bergen for nokre år sidan. Retten fekk derimot ulik mottaking av dei andre i reisegruppa.
Den etiopiske dansen var veldig spesiell, med fokus på heftige skulderbevegingar og ekstremt god kontroll på alle slags musklar. Ein minneverdig aften!

Følg ellers gjerne med på bloggen til min kjære roomie for tida.

torsdag 19. november 2009

Foerste moete med Afrika - Ethiopia

Heisann, daa har eg endeleg kome meg paa nett. Det er treigt nett her, saa eg faar ta bilda seinare. Og no klikker det heilt her, saa faar noye meg med aa seie at eg har det flott her i addis abeba. masse inntrykk og artige folk. veldig rart aa faktisk vere her! og veldig interessante mediefolk vi moter rundt om.
no nett var vi i ein privateigd avis og motte ein av redaktorane (over) som fleire gongar har blitt tiltalt og fengsla pga han har skreve om og kritisert saker som regjeringa ikkje likar aa faa publisitet paa. sterkt aa mote folk som faktisk lever med ein risiko for aa bli arrestert for aa bedrive undersokande journalistikk.. eg som nordmann har jo veldig liten risk for det heime...

skriv meir seinare. kjem til nairobi fredag kveld og skal bli der ei stund.
luv ya all !

måndag 16. november 2009

Drar til Afrika i natt...

... og kjenner at reisenervene eller kva det heite begynnar å ta på. Er enno ikkje ferdig med å pakke kofferten og har heller ikkje heilt bestemt meg for kva koffert eg skal bruke, men det går seg vel til.

Sa god jul og godt nyttår til venner i menigheten i går kveld, sidan eg ikkje kjem tilbake til Kristiansand på nesten 2 månader. Det har ikkje gått opp for meg enno at eg skal avgarde. Det er veldig rart. Er litt sliten allereie, så vonar eg greier å sove litt på flyet nedover for å bli klar til å møte ei heilt anna røynd og kultur.

Gler meg til utfordrande og spanande dagar med mykje innhald! Vonar som sagt å oppdatera her når eg får det til.

I mellomtida kan du kose deg med bildet under, frå ein Jernia-annonse. Kva i alle dagar er dette?

fredag 13. november 2009

Færdi med praksis! / TV-sending 2/ Afrika next!

Her er den andre TV-sendinga eg var nyheitsanker på.

Sjå ellers på same lenkane for å sjå TV-sendingane for veka etterpå, då eg var vaktsjef.

Då er eg ferdig med fem vekers intern praksis. Herleg! No er det Afrika neste :) Eg reiser på studietur med journalistikkstudiet natt til tirsdag 17. november, til Addis Abeba i Etiopia for å vere der tre dagar. Deretter skal vi tre veker til Kenya og til slutt ei veke på Zanzibar :)

Følg gjerne med her i løpet av reisa, men grunna lite tilgang på pcar med breiband (kanskje éin) er det uvisst kor mykje eg får oppdatert...
Difor vil eg anbefale å sjekke ut facebookgruppa Vi som følger gjengen i Afrika 09.
Vonar den blir meir oppdatert.

Gler meg! No har eg hamstra diverse apotekvarer, kjøpt reisehandbok og laga pakkeliste. Dette blir bra :)

onsdag 4. november 2009

Eg e' på tv!

Eller web-tv, då.
Sjekk ut TV-sendinga vår frå i dag, 4. november. Min debut som tv-programleiar!


Sjå dessutan nettsak med web-tv: Smakstesting på Oasen skole