tysdag 2. februar 2010

Eg har flytta til bloggbyen

Så heretter tenker eg å oppdatere på http://silje.bloggbyen.com/ . Snakkast!

måndag 1. februar 2010

Prosjekt med IK Start

Andre veka i januar hadde vi eit multimedieprosjekt i samarbeid med IK Start. Vi fekk låne to spelarar per gruppe for å lage noke artig rundt dei. Vi hadde f.v. Espen Børufsen og Christer Kleiven.

Her er to av videoane vi laga:
Kleiven vs Børufsen i Duellen.

Enjoy :)

Tina skal gifte seg!

Gratulera so mykje til mi kjære venninne Tina som har forlova seg! Christoffer er heldig! Gler meg veldig til bryllaupet i juni. Stor klem!

-17 grader i dag tidleg!

Det er frykteleg kaldt, jaffal for ein langt-uti-havet-vestlending som meg. No er det heldigvis bare -8, no kl. 12.30, men stova har bare 10 grader. Vonar sola varmar i løpet av dagen. (Bildet er frå Sotra, 8. januar.)

Det er ikkje ofte vinteren heldt seg så godt langs kysten som i år. Eg er rett og slett imponert over kor uthaldande kulda og snøen er.
Dermed har det bore ut på alt skitur med Karina til grilltur (over) med Hanna og Ingvild. Vi gjekk i heile ti minutt frå husa våre, til vi kom til ei grue under ein gapahuk i Hundremeterskogen (jada, det heiter det!).
Skogen ligg på Lund, mellom Bispegra, Kongsgård og Vige. Vi var stolt over å faktisk få til eit bål som brant lenge og vel :)

Her frå snøleiking på søndag. F.v. Maren og sambuarar Janne og Hanna. Masse nysnø og glede.