onsdag 29. juli 2009

Enevald Flåten om Levende Ord-krisa

Eit tidlegare medlem av Levende Ord, Andreas Glandberger, har intervjua den tidlegare pastoren Enevald Flåten. Trykk her for å sjå videoopptak. Kjenner du ikkje til kyrkjelydskrisa som hende i 2006, fins fleire linkar under videoen på linken som forklarar saken.

Sjå også: - Jeg var i psykisk ubalanse. Artikkel frå vl.no

Då konflikten gjekk føre seg i Levende Ord i 2006 var eg russ. Som medlem av kyrkjelyden var det ei trist oppleving som kom samstundes med andre tøffe ting i livet. Eg fann aldri ut kva og kven som eigentleg var årsaka til det heile, og orka heller ikkje å ta stilling til kven som hadde rett.
Framleis veit eg ikkje heilt kva sanninga var, men det som er sikkert, er at alle partar har lidd. Og korleis Flåten hadde det, kjem godt fram i intervjuet over. Han ber óg om tilgjeving frå menneske som føler seg såra.

For min del opplevde eg eit djupt tillitsbrot til kyrkelyden eg hadde brukt ein god del tid og ressursar på. Men eg opplevde også at det gav nyttige erkjenningar:

For det første: Etter mi oppleving som tenåring var det ein ikkje uttalt haldning eller kultur i Levende Ord om at vi var betre enn andre kristne. Mellom anna fordi vi var så "frie", løfta hendene og hadde tungetale. Krisa fekk verkeleg opp auga mine på dette punktet.
Då eg fekk sommarvikariat i avisa Dagen (no DagenMagazinet) same sommar, reiste eg rundt til ei mengd ulike kristne samanhenger for å dekke stemnene deira. Opplevinga var at Gud var overalt, same kor karismatiske eller lutherske stemnene var.

For det andre: Leiingoppbygginga til "Trosbevegelsen" bør vurderast. Det kjem også Glandberger inn på i intervjuet over. Å gje så mykje makt i hendene til nokre få personar utan eit ope miljø for debatt og tilbakemelding, ber feil veg før eller sidan.

For det tredje: Menneske er menneske. Og menneske gjer feil. Sjølv om enkeltmenneske kan vere kanalar for Guds røyst på ein eller annan måte, kan dei også gjere feil i neste sekund. Eg veit om personar som har mista trua på Gud grunna Levende Ord-krisa, og hadde til tider mine djupe tvil eg og. Men eg har valt å ikkje la kva menneske finn på gå ut over Gudsbildet mitt. Skal Gud kunne lee på seg i denne verda må han nemleg bruke menneske, som er svake.

tysdag 21. juli 2009

DagenMagazinet varer evig

Min kjære forrige arbeidsgjevar med ønske om ein lang sommarferie. Eg er glad eg ikkje har sommarjobb der i år!  

Denne veka har eg faktisk ferie i Øygarden, og bæra er på plass. Nam med eggedosis til! Og nam i fryseren til vinteren. 

Istid 3: ei kinooppleving

Då har eg endeleg fått med meg Istid 3 og til og med sett den i 3D, noko som er mi første 3D-oppleving. Filmen var fantastisk morosam, men eg kan skjøne diverse filmkritikarar som tykkjer det er mindre nytt innhald og meir action enn tidlegare. Dei fleste poenga har vore brukt før, og sidan eg har vore ivirig på å sjå alle trailarane på førehand, var det fleire gongar eg ikkje lo av eit stunt fordi eg allereie hadde sett det. 

Eit anna minus var all den intense knitrelyden av snope- og chipsposar, samt hyppige spådommar om handlinga frå ein guterøyst bak meg ein stad. Høg mannslatter forstyrra ein smule og. Og lyden var visstnok ikkje den beste.

Men det var for all det kjekt for det. Og å sjå fleire dimensjonar i eit bilde gav kjensla av å sjå dette utanfor stoveglaset. Det blei aldri slik at eg tenkte "no kjem det ut or skjermen", men det var interessant. 
 
Gjengen som blei med :) Miriam, Trygve, Solveig og Ruben. 

Sommerfest på Skjernøya

12. juli var dro eg til Skjernøy utanfor Mandal der ein gjeng med gutar stilte med grill, mat, volleyball og vannaktivitetar. Kjempekjekt! Eg hadde ikkje vett til å seie nei, så eg måtte nesten prøv ut vannski, for første gong for min del.

I båten, spent på korleis dette vil gå... (Begge foto: Tommy Tofteland)
Dette var vel det høgaste eg kom meg opp på skiene. Var sinnsjukt tungt å halda fast i handtaket, så eg kom meg ikkje opp i ståande posisjon. Prøvde rundt fem gongar og var glad eg gav meg då, for diverse ubrukte musklar og betennelsar gav klar beskjed om at nok var nok. Men det var no artig å ha prøvd.

Seinere på kvelden blei det taco og fotball (sjokk!). Takk for ein flott dag!