søndag 16. mars 2008

Påske; musearm

God påske folkens. Blir lite skriving framover, då eg nesten har pådratt meg musearm, senebetennelse i høgrearmen. Bruker støttebandasje, og prøver å unngå for mykje belastning. pc gjerast med venstre!

Eg måtte utsette å bli ferdig med semesterprosjekt rett før helga. 
Kjipt, for det hadde vore så greit å bli ferdig.

men no er det altså ferie og avslapning. eg er hos mi gode venninne Tina i Tønsberg fram til tirsdag, og så er det rett heim... Blir kjekt å sjå familien att, og besøke besteforeldra på Fedje.

tysdag 11. mars 2008

Eg e' på lufta i dag!

Då har eg fire dagar praksis i Gimlekollen Radio, i regi av journaliststudiet.
Torsdag og fredag er eg reporter i Aktuelt - eit nyheits- og musikkprogram.
Kl. 16.00 - 17.00

Tirsdag og onsdag denne veka var eg programleiar.

Programmet går også på nettradio:
http://sornett.no/page.php?mtid=11&elid=4

Så folkens, lytt og lær!

fredag 29. februar 2008

Er du en Skyper?

Eksamen er over, livet kjennes rart, og eg er på Skype. 
Har du Skype? Då er det fint om du seier i frå, så kan vi ringast gratis :) 

Eksamen gjekk ålreit, for dei som lurer. Sleit litt på deloppgaven som tel 1/3 av karakteren, og må bestås skal eg få ståkarakter. 
Eg håpar eg stod, for eg pleier å tenke at det er verre enn det er... Men det hjelper ikkje dersom eg bomma på oppgaven. Jaja. Har no gjort så godt som eg orka. No er det helg! 

onsdag 27. februar 2008

Uti vår hage...

... er våren komen!  Yes! Jaddah! Deilig! 
Bare så uendeleg kjipt at eg må sitte inne og lese på eksamen - som er på fredag. 
Det skal no gå så bra så. Håper på jaffal ein C. 

I går leverte eg semesterprosjekt 1 - tv-reportasje. Det var fantastisk å vere ferdig med den. Men no er det rett på semesterprosjekt 2 - radio-reportasje, og hjernen er utan idear. 
Nokon som har tips om saker eg kan lage? Målgruppa er Kristiansands innbyggere, og saka må vere litt tidlaus, slik at den kan sendes i mai. 

søndag 24. februar 2008

Der spirer gror

Var heime denne veka, og det var deilig... Skjønt eg måtte bruke ein del tid på å lese til eksamen og jobbe med semesterprosjekt (yeah right! gjekk ein del i nettsurfing...) 

Her er mobilbilder frå ein tur vi gjekk hin dagen. Bilder tatt på Vik, for dere som veit kor det er. (prøvd å fikse litt på bilda i iPhoto)
Det spirer og gror i Øygarden, og truleg på resten av kysten og. Våren er her kvart øyeblikk... Deilig!
Gler meg til blomster, fuglekvitter, sol... blir generelt lettare til sinns. 

Har nett vore gjennom den verste vinteren hittil i livet. Håper på ein ny vår. Life goes on.

Meg, min fantastiske pappa og min kule broder! Tenk at Even har vokst meg over hodet, musklene veks, og han er umuleg å vinne over i lekeslossing. 
*Snufs* Det var jaffal gøy så lenge det varte ;) 

laurdag 16. februar 2008

Kampen om Agder - semifinale-konsert


Var på konsert på Østsia - studentpuben i Agder - på fredag, og oppdaga nye navn. Tom Hugo (bildet) sin musikk er fin! Gå på tomhugo.com og lytt folkens :) Stemmen minner ein smule om Sondre Lerche, og eg må sei eg likar musikken hans og. Ønsker meg cd-er...
Dårlig mobilbilde, så eg tar med det under og:)  

Dette er Figur Flint, trur eg. Band nummer fire som spelte på semifinale-konserten. Banda kjempa om plass i finalen, der dei kan vinne spelejobb på Quartfestivalen. 
Figur Flint var flinke dei og, men ein heilt annan og litt useriøs stil. Vokalisten tok litt av, og hadde og glitter i lomma, som han kasta opp i veret støtt :) Underhaldande og morsom jaffal.  
Takk til Marita som dro meg med. 

måndag 11. februar 2008

Stavanger i helga

Då er eitårstreffet for eks-elever på Solborg Folkehøgskule i Stavanger overstått.
Det var kjekt å helse på folk att, men det var så mange å helse på at det blei nesten bare med det.
Vi såg filmer vi laga i fjor, årets oppsetjing av Les Miserable, som for øvrig var ålreit, og lørdag kveld var vi ute på by'n heile gjengen.

Tidligere på lørdagen var eg på kafe med Cecilie (bildet), ei veninne frå Bergen. Gjekk mellom anna 3. klasse vgs i lag. Koslig å møtes:)


Søndagen hang eg på Solborg, sa hadet til folk, og hang med ein kompis i sentrum, før eg tok toget til Kristiansand.
Travel helg, kjenner eg er sliten. Eg er litt stressa, burde ha komen mykje lengre med semesterprosjekt og eksamenslesing enn eg er no... Arrrgh!!

onsdag 6. februar 2008

Sky is the limit

Solnedgangen i Øygarden i dag. 

Alt er storstilt hos Gud 

Høg er Guds herlege himmel, 

krystallblank og rein og blå. 

Med sol over kvite skyer 

hugtakande er han å sjå. 

Kringom vår jord han seg bøyer, 

er stjernestrødd ut mot natt, 

igjen utmot morgonen blånar. 

Då Helios – soli – kjem att. 

Storstilt er alt hos vår Skapar. 

Og underfull verdi han ser. 

Størst er den evige Konge. 

Du æveleg høglova ver!


Trygve Bjerkrheim



måndag 4. februar 2008

Frøken og frue på by´n


Karina 21 år! Gratulerer igjen :) 
Dagen blei feira (nokre dagar seinare) med ein heilaften på Peppes Pizza og teaterbesøk - "Julie og Romeo" på Agder Teater. 

Eg fann ut at det var på tide vi gjorde noko meir kulturelt... 
Vi er vaksne, ho er gift, og teater er bra. Nemleg. 

torsdag 31. januar 2008

Eg vil på "Singin´ in the rain"!


http://www.oslonye.no/forestillinger/9776.html

Gode grunner til å dra: 
1) Har sett filmen
2) Kåre Conradi er verdt å se på :) 
3) Fått gode kritikker
4) Storbytur i samme slengen
5) Besøke venner!
6) Øke min kulturelle... ehh... ka det no heite... kapasitet? 
7) Komme seg vekk litt... 

Men må nok vente til påsken eller lenge etterpå... Kven blir med? :) 

onsdag 30. januar 2008

Før soloppgang

I dag var det fantastisk flott vêr i Kristiansand. Og slik begynte dagen, då eg venta på å bli plukka opp av ei i klassen. Bur rett bak denne Essoen. Til tider er eg veldig glad for at eg bur her, og ikkje i Bergen... 

 

søndag 27. januar 2008

Impuls Stavanger 2008


Under prøven til konserten lørdag kveld. Kranen er ca 8 m lang,det lengste eg har jobba med. vanvittig artig! Kjente at det er eit halvt år sidan sist eg filma,men tok meg raskt inn att. Impuls var bra, som alltid, og videoproduksjonen var super. For eit team:) snakkes om to uker!

tysdag 22. januar 2008

Kiwi.Kvalitet. (?)

Ville du ha ete dette? Til og med om eg fortalte deg at sprekkene er komen heilt av seg sjølv? Eit par dagar etter handelen... 
Eg kjøpte det på Kiwi, og kunne sikkert ha klaga og fått erstatning, men kven gidd vel det. 
Jaja, artig fenomen jaffal. 

tysdag 15. januar 2008

This is our place

Miss & Miss Rognsvåg ved skiltet som navngir stedet som er utgangspunktet for vårt etternavn. Endeleg er også Fedje oppskilta. Husnummer kjem visst i posten snart og. Bilder tatt i jula. 

søndag 13. januar 2008

Skolens nye profil

Eg må gratulere Mediehøgskolen Gimlekollen med ny logo, det var jammen på tide...

Men fysjom for ei heimeside! (www.mediehogskolen.no) 
Den er rotete den. Håper verkeleg noko vert gjort med oppsett og kjedelege fontar. Lukka te!

Radio i praksis


Silje i redaksjonen. Under: Tekniker Tobias og Programleder Patrick underveis i sending
Då er første veka av radiopraksisen over. Det har vore hektisk og lærerikt.
Dei to første dagane var eg reporter, og tok like gjerne og intervjua biskopen og ein stortingsrepresentant. 
Artig å presse biskopen litt om kirkens rolle ift at Human-Etisk Forbund øker i fylket. 

Deretter var eg vaktsjef, noko som gjekk temmeleg greit. Det har vore god stemning i redaksjonen på tross av stress og forsinkingar, og derfor blei det heile bare kjekt. 
Neste veke skal eg vere reporter igjen, og deretter lese nyhetsbulletiner kvar time. 

måndag 7. januar 2008

Ope brev til deg som kjenner nokon som sørgjer:


Slutt å spørre ”korleis har du det/ har du det bra?”
Ka du tru? Når alle stiller det spørsmålet blir ein fort litt lei.

Ver litt normal. Ein er framleis seg sjølv. Treng bare litt ekstra omsorg og omtanke, av og til. Og nokre pausar.

Om du ikkje har mista nokon sjølv, har du liten aning om kor stor smerta er.
Kom for all del ikkje og legg dine byrder på dei sørgjande òg, for å vise at du forstår korleis dei har det.
Men slutt no ikkje å ta kontakt. Og still gjerne andre spørsmål. Sørgjande treng å snakke om ting. Men ikkje alltid.

Klemmer trengs det derimot meir av. Blikk som viser at ein forstår situasjonen. Små oppmuntringar som viser at du tenker på dei.

Sjå dessutan lenkene:
http://www.scandinavianstar.no/helse/sorg_og_omsorg.htm     
http://www.lovehurts.no/hvordan_kan_jeg_hjelpe_andre.htm    

Radiopraksis veke 2 og 3


Ny praksis, nye muligheter til å dumme seg ut på lufta.
For interesserte vert det sending over internett på Sørnett Radio fra tirsdag til torsdag neste uke.
Siste sending går også over Gimlekollen Radio, for dei som bur i Kristiansandsområdet. Sjå link:

http://sornett.no/page.php?mtid=11&elid=4
(om linken ikkje funkar, gå på http://www.sornett.no/ og klikk på Sørnett Radio)


Eg blir å høre som reporter i Aktuelt tirsdag og onsdag denne veka, og i Menyen mandag og tirsdag neste veke. i tillegg vil eg lese nyhetsbulletiner onsdag og torsdag neste veke. Torsdag og fredag denne veka er eg vaktsjef.


"Sørnett Radio er en nyetablert nettradio som tar pulsen på Kristiansand. Vi gir deg de ferske nyhetene og de hyggelige historiene.

Hør våre sendinger live på nett mandag til fredag:

14.00-15.00: Menyen - et variert innblikk i Kristiansands kulturliv
15.00-15.30: Nyheter og aktualiteter
15.30-16.30: Menyen - et variert innblikk i Kristiansands kulturliv
16.00-17.00: Nyheter og aktualiteter i samsending med Gimlekollen RadioSørnett Radio produseres av journaliststudentene ved Mediehøgskolen Gimlekollen."


fredag 28. desember 2007

God Jul og Godt Nyttår

Takk for all trøst og støtte folkens. Med ønske om et bedre år, der du tar vare på og verdsetter det du har, mens du har det. 

laurdag 8. desember 2007

Endeleg er macen her!


Åo jess!! Etter mykje venting, returnering og atter venting, er endeleg min nye 15" MacBook Pro på plass. 
Har brukt dagen på å installere diverse på han. 
Har ikkje heilt skjønt at denne er min, og enda mindre det faktum at eg er ein del tusen kroner fattigare... 
Jaja. Har og sikra meg ein billig utgave av videoredigeringsprogrammet Avid, som vi bruker på Mediehøgskolen. Manlger bare videokamera :P