torsdag 23. april 2009

Ei herleg stripe... lol!

Takk til Audi for  bloggen der du viste veg til denne fantastiske teikneserien! 
Sjå meir på www.reverendfun.com

tysdag 14. april 2009

Og der var påsken over gitt...

God overstått påske til alle :) Det var kjekt å vere ei stund heime att, møte vener og slappe litt av. Det var merkeleg å kome tilbake til Kristiansand i dag. Uvant med ein gong, men det tar seg nok raskt oppatt. No skal det trenast snart. Har komen igong med styrketrening, so da so! 
Biletet er utsikten frå rommet mitt heime. Kjem til å savne horisonten!

Då er det i gong med lesning til eksamen. Kjem nok heimom i begynnelsen av mai, då har vi jo fri :) Så er det semesterslutt i juni, og forhåpentligvis ein sommarjobb å gå til. 
Snakkes

laurdag 7. mars 2009

Ei historisk veke i briteland

Den siste veka gjekk utruleg fort. No sit eg på ei hytte i Stavern og kviler ut saman med dei tre jentene eg dro fram og tilbake til York med.
Mandag blei vi fotografert i vakre viktorianske kostymer. "Studioet" er i ei eldgammel gate i York som heiter Shambles. Det er forresten ei "must"-gate om du skal vitje denne byen. Her ligg ein butikk med heimelaga sjokolade, bokbutikkar, suvenirsjapper, pubar og tehus eg aldri rakk å besøke, koslege småbutikkar med alle slags artige ting i... Og Yorks visstnok beste ghost-walk startar i den eine enden.
Onsdag besøkte vi Haworth, staden der forfattersøstrene Charlotte, Emily og Anna Brontë levde og skreiv sine berømte romanar "Jane Eyre", "Wuthering Hights" osv. Eg har ikkje lest bøkene, men sett film og tv-serie. Det var interessant å sjå ein heim frå 1800-talet, og omgjevnadene som visstnok ikkje hadde forandra seg så mykje sida den gong Brontë-søstrene gjekk der og steig. Faren var prest i kyrkja like ved. Mellom kyrkja og huset deira ligg ein mosegrodd, gammal kyrkjegard, der kråker skrik høgt. Jentene døde dessverre i ung alder, men sikra sitt ettermæle med å skrive romanane sine.
Deretter dro vi til Saltaire, ein by som vart bygd opp av Titus Salt på 1800-talet. Han satsa på alpakkaull, og designa ein by som innehaldt fabrikk (bildet over), kyrkje, badehus, sjukehus, skule, eldreheim og hus til arbeidarane. Husa vart installert med eit betre kloakksystem enn dåtidas standard, og det var fråvær av puber der alkohol kunne gje arbeidarane dårlege vanar. Det verka nesten som ein slags mønsterby.
Men Titus hadde nokre rare nykker han og, sjølvsagt. Det var strenge reglar for alt mogleg, og i badehusene kosta det pengar. Men absolutt eit døme på korleis kapitalisme kan brukast til å betre kåra for andre, og ikkje bare til å kare til seg mest mogleg. Rett og slett eit lys i mørket den industrielle revolusjonen la ned over vanlege mennesker. Då vi vitja fabrikken hans, var den (jaffal delen vi var inne i) omgjort til kunstmuseum og bokbutikk. Og like utanfor var det ein pub som heitte "Don't tell Titus"... Litt humor har dei jaffal, britane.

Om kvelden fekk fem av oss komme på tebesøk til ei eldre britisk kvinne i heimen hennar. Det var kosleg å få sjå innsida av eit av dei mange murhusa vi har studert dei siste vekene. Ho budde der med to hundar, og hadde visst hatt besøk av norske studentar fleire gongar. Vi fekk god yorkshire-te, rundstykker, og to deilige kaker ho hadde bakt. Etterpå viste ho oss bilder faren hennar hadde malt, og eit album han hadde laga etter ein tur i Noreg. Kjekt å møte nokre lokale og.
Torsdag tok vi turen på York Castle Museum. Det blei dessverre ikkje tid til Jorvik vikingmuseum; eg blei nesten litt lei av alt det gamle etter kvart... Særskild sidan eg var litt smådårleg. Jaffal, på Castle Museum kunne ein brukt mange timar på å studere gamle ting og tang, klede, vaskemaskinar, rustningar frå 1600-talet, moten på 70-talet, det gamle fengselet i kjellaren, utviklinga på hygienefeltet, leikety dei siste 50 åra, ei gate som var gjenskapt slik det var i viktorianske tider på 1800-talet...Det var også ein eigen utstilling om 60-talet, med Beatles, mote, ein fullt funksjonell jukeboks, ulike filmar osv. Verdt ein kikk om du tar turen til byen.

Det finaste tehuset i York, eller teashop som det heiter i England, var visstnok Bettys. Eg og Maren rakk ein times teslurping der før vi skulle på middag med heile reisefølget på puben Kennedys. Eg føler at te generelt er ein smule oppskrytt. Yorkshire-teen er ålreit, til og med med litt melk oppi. Den teen eg fekk på Bettys var og grei, men med lite smak. No er det kanskje slik at grønne teer smaker mindre, men for min del kunne dei godt å smakt litt meir, helst uten hjelp av enorme sukkerbiter. Jaja.

Vi fekk utruleg nok tak i ein politimann med kul hatt, og då måtte vi nesten ta bilde...

Siste dagen, fredag, tilbrakte vi på reisefot.
Vi måtte ut av rommene våre kl. 09.00, og hang på togstasjonen til toget gjekk 12.53. Eg og Maren tok ein tur på bymuren imens, sprang og hoppa i vårsola. Det var fantastisk artig. Må oppleves! :) Så var det nokre timar på Stansted flyplass utafor London til flyet gjekk ca kl 19.00. Eg hadde tenkt å handle sjokolade på tax-free, men det var rett og slett ikkje interessant. Eg har ete så mykje sjokolade denne veka, at no var eg nesten litt lei. Men eg savner ein sjokolade fra Hotel Chocolate (dyrtdyrt!), det var kirsebær blanda med kvit sjokolade, miksa med brun sjokolade... Det var den beste eg har smakt!

Så no eg er altså tilbake att til studier og greier. Motivasjonen er ikkje heilt på topp, men det skal no uansett bli greit å kome tilbake til normalen. Gler meg vanvittig mykje til våren!

måndag 2. mars 2009

Britiske studier i praksis

Då har eg vore i York i over ei veke. Det er kjekt å oppleve den britiske kulturen, og eg er nesten blitt van med å sjå til høgre først når eg skal over bilvegen. Det å sei "thank you" og "sorry" er også blitt meir naturleg, men det er enno ikkje heilt greit å vite om ein bør sei "thank you", "cheers", "you're welcome" eller noko anna når ein skal sei "værsågod".
York er ein nydeleg by med ein god del gamle bygningar. I førre blogginnlegg var eg ein smule smålei all mursteinen, men no er det meir sjarmerande. Byen er mest kjend for York Minster, den største gotiske katedralen i Nord-Europa. Ta ein virtuell tur her.
Kvar kveld er en Evensong, dvs ein mini-gudsteneste med eit lite gutekor. Eg var der hin dagen, og det var utruleg vakkert. Katedralen er enorm. Då eg skulle opp i tårnet, var det så vidt eg rakk den siste turen den kvelden, så eg sprang opp dei første av dei 275 trappetrinna for å ta att resten av gruppa. Då eg fann ut at turen bestod av stort sett trappetrinn, tok eg det meir med ro... Det var ein fantastisk utsikt over byen. Må oppleves!
Då eg dro frå det blide sørland i slutten av februar var det snø over alt. Her i England er derimot våren godt i gong. Snøklokker (white drops) og påskeliljer veks om ein annan og det hoppar kaninar overalt. Det er ikkje sommartemperatur enno, men bles litt surt, unntatt når sola kikar fram frå skydekket innimellom.
So langt har eg
- kjørt dobbeltdekkere (toetasjers buss)
- kost meg i små og store butikkar med alle slags dingsar i.
- besøkt ein pinsemenighet og ein statskyrkjelyd. (søndag igår) Begge var levande og det var givande å besøke dei.
- shoppa; klede, snop, bøker, cder, ein bruktfilm (Star Trek Generation :) ), signeringslakk,
- gått på kino: The Curious Case of Benjamin Button. Trist, men gripende. Det kjekkeste var den halve timen med reklame først. Skikkeleg underhaldning! Norsk kinoreklame har mykje å lære i den gården!- brukt ein god del penger...
- sendt nokre kort til familie og vener. Håper dei har komt fram.
- blitt fotografert i viktoriansk kjole, saman med klassekameratar. dyrt, men kjekt å ha. (se under)
- bodd på ein bokbutikk i to timar. kosleg! eg endte opp med å kjøpe eit notehefte for jazz og læring i improvisering. Gler meg til å spele piano att!


Gode sider med England:
-god sjokolade :)
- den enorme høfligheten.
-sjarmerende bygninger
-levende menigheter
- cookie dough! namnam.. men dyrt.
- mange kjolebutikker :)
- disney store!
-Fairtrade over alt. Eg trudde Norge lissom var flink til sånt, men vi heng laaangt etter England jaffal. Her er det eigne Fairtrade-butikker, Starbucks har FT-drikke, ein finn FT i alle slags butikkar, både supermarked og bokbutikkar.
- gamle telefonkiosker! og postkasse-tønner! fantastisk sjarmerende.
- intet motepress. Eg var redd for at eg låg langt bak i motebildet ift England, men har ikkje merka den store skilnaden. Studentane vi møter kler seg nett så slaskete som dei vil. Det er mykje same stilen som i Noreg, om det er nokon.

Rare sider med England:
- når ein skal vaske nevene er det ein spring for kaldt vatn og ein for varmt vatn. Kvifor ikkje bare ha ein, der ein også kan få lunka vatn!
- elendig kakao
- pubkultur. (vurderte å putte den på lista over, men det vart så mykje der :) ) her er det puben ein møtes på over ein kopp kaffe eller sterkare saker, for å snakke om livet. Etter gudstenesta gjekk dei kristne på pub for å henge litt. Vi har ete på pub nesten kvar dag. God og billeg mat. Ein har eit mykje meir naturleg forhold til alkohol, virker det som.)
- Nesten alle matrettar ein kjøper på pub inneheld erter og pommes frites. Kva med litt variasjon, hæh?

torsdag 26. februar 2009

I York, i York!

Heisann, ja daa sit eg paa Univerisity of York og skriv. Har vore her sida soendag og skal vere her i ei veke til. Vi er paa studietur med engelskklassen ved UiA, og storkoser oss paa oppdagingstur og shopping i koslege smug med gamle hus. Kvar dag har vi interessante forelesningar med artige britar, som held paa saa lenge at vi knapt rekk noke shopping foer alle butikkane stenger kl17 eller 18. Biletet er frå sightseeing på den gamle bymuren. 

Sidan studiet kan vere ein del av laerarutdanninga var det igaar avsett ein dag til skulebesoek paa britiske barneskular i Bradford utanfor Leeds. Eg og tre andre blei sendt til ein kosleg skule der vi skulle halde presentasjonar for klassar paa 7-10 aar. Me trudde paa foerehand at det var snakk om fire presentasjonar, saa vi oevde inn dramatisering av folkeeventyret "Guten som kappaat med trollet", folkesongen "Kraakevisa" og laga til nokre bilete vi skulle vise fra Noreg. Naar vi kom fekk vi vite at vi skulle ha 8 klassar. Dvs 8 gangar ein halv time! Eg vart skikkeleg utsleten i loepet av dagen, men det var ufatteleg artig :)

Det var deilig aa kjenne at kan laere fraa meg noko. Barna var utruleg soete og var heilt med og stilte spoersmaal. Dei aller fleste hadde etnisk bakgrunn fra India og Pakistan osv. Dei hadde hatt litt om vikingar, saa dei visste litt om Norge, men ikkje mykje. Ingen hadde sett kongefamilien foer, ingen ante kor Norge var i forhold til England osv... Kjekt aa promotere landet litt :)

Vi var skikkeleg populaere. I lunsjen maatte vi gaa gjennom skulegarden for aa hente mat, og alle ungane ropte og vinka og kom bort til oss. I den siste klassen vi var ville alle ha autografene vaare! Foelte meg skikkeleg eksotisk...

Det var synd vi ikkje fekk sjanse til aa observere saa mykje, sidan vi hadde full rulle. Men vi fekk jaffal med oss at disiplinen blant barna var utruleg god. Dei kunne verte livlige og opproemte, men roa seg med eitt daa laeraren sa ifraa. Alle fulgte med og dei stilte gode spoersmaal. Eg har tenkt at eg aldri skal bli laerar, men som ei i klassen sa paa bussen tilbake til York: Eg kunne kanskje blitt laerar i England. (kanskjekanskjekanskje.)

Eit anna aspekt ved den engelske skulen er den fleirkulturelle og multireligioese elevmassen. Det var baade etniske britar, indere, pakistanarar, og sikkert fleire land representert. Det var kristne, hinduar og muslimar om ein annan. Og det fungerte, saa vidt me kunne sjaa.
Og dei var ikkje redde for aa snakke om det. Ein laerar gjekk med kors om halsen, eit par smaajenter gjekk med hijab og dei fortalde villig om sine nasjonal- og religioese drakter daa vi viste fram bilete av norsk bunad.

I Noreg er det politisk korrekt aa skjule saa godt ein kan at ein staar for noko. Aa vere verdinoytral er det beste ein kan vere, for daa stoyter ein ikkje nokon. Eg tykkjer dette er ein feil veg aa gaa i moete med andre kulturar og religionar. Det er fullt mogleg aa respektere andre sine standpunkt medan ein sjoelv har sine eigne...

laurdag 31. januar 2009

Vinter på Sørlandet

Fantastisk å endeleg sjå masse snø på ein gong! Kristiansand er på mange måtar kald, men har på ingen måte jevnt med snø om vinteren. Dei to førre åra har det gjerne kome ein halvmeter med snø på ei natt, som så forsvinn etter to veker. (Noko som forøvrig ikkje har skjedd så langt i år.) Litt greit å ha variasjon, men det kunne godt vore meir snø her. 

Så hin helgen dro eg litt lenger inn i landet, til mine kjære slektningar utanfor Lyngdal. Og der dei bur, var det jammen meg santen snø! Og kram snø til og med. Eg og mi kjære kusine Cecilie  (under) koste livet av oss. 
Også laga me ein snømann. Nokon som kan sjå kva den skal forestille? 



Konsert med Tommy Tokyo

Ja, du leste riktig. Det fins ein norsk artist som kallar seg Tommy Tokyo. Eg har ikkje forska på namneopphavet, så årsaken får vi hellar kome tilbake til. Eg såg reklame for cden hans på tv, og tenkte "hehe, litt sånn harrymusikk sikkert." Men så såg eg ein plakat på universitetet, der det blei annonsert ein gratiskonsert med Tokyoen sjølv, på vår eigen studentpub! Tommy Tokyo & Starving For My Gravy, for å vere heilt nøyaktig. 
Og sida det er langt mellom gratiskonsertane (så vidt eg veit jaffal), så måtte vi jo nesten kome oss av garde. 

Vel ein god time etter at konserten skulle ha begynt, kom endeleg bandet opp på scenen. Eg hadde plass heilt framme, der eg forventa å ha god utsikt, men så hadde Tommy sjølvsagt satt opp ein ropert på eit stativ i augehøgde, mellom meg og han. Så store delar av tida var anledet hans rett og slett gøymt bak roperten, med mindre han ikkje song, eller snakka inn i roperten. Jaja. 

Musikken var... sær. Eg aner ikkje korleis eg skal karakterisere musikken hans. Eg er ingen musikkjournalist. Men det var originalt og artig. Gjer opp di eiga meining på  http://www.myspace.com/tommytokyo. 

Hybelretten 2

Smørbrød! 

Ta ei skive, gjerne ei rista grovbrødskive, smør på til dømes pesto, urtekremost eller smør. 
Så kjem eit lag med salatblad, før du slenger på ein god ost og eit kjøttpålegg, som fårepølse eller krydderskinke. 
Deretter legger du på tomat, agurk, sukkererter, vårløk eller kva som måtte falle i smak. 
Til slutt topper du med gode krydderier, som pizzakrydder, oregano, kvitløk, gressløk, persille, pinjekjerner, etc. 

Og dermed har du ein veldig god lunsj :) 

søndag 4. januar 2009

Nye ski i 2009

Ja, då har det legendariske skjedd: eg har blitt eit par langrennsski rikare. Takk pappa! Vi testa dei ut dei to første  dagane i året. Vi var med ei tante og familien på hytta dei leigar på Kvamsskogen utanfor Bergen. Takk for turen! 

Då er det studiestart att imorgon. Var deilig å kome tilbake til kollektivet, der dei andre hadde ommøblert stova. Så kjekt med litt forandring! 


tysdag 23. desember 2008

God Jul og Godt Nyttår!


Eg orka ikkje sende ut nokre julekort i år. Så her er det :)

Med ønske om ei flott høgtid til alle saman. Håper de kosar dykk i jula, og hugsar på kvifor vi dreg inn alt det raude og glitrande i hus, minst ei veke til endes.

Snakkas på nyåret, om eg ikkje møter deg i romjula...

torsdag 11. desember 2008

Day of happiness and sorrow

Det gjekk bra på månedens siste eksamen, og det er fantastisk deilig! No er det heim og henge med familie og venner. 

Eit år har gått. Livet går videre. Men minner lever. Savn består. 

Hybelretten 1

Godt og mettandes: Havregraut! 

Denne versjonen inneheld også havregraut med kruskakli, som aukar mettingsevna ;) 
Kok opp, slik det står på pakken (halvparten av væska bør vere melk, ellers blir det kjip smak!). 
Hell opp i skåler/fat, og putt på smør, kanel, sukker, rosiner, eplebiter og gjerne opphakka mandlar. Nam! Det går og an å hive oppi all slags frø, gjerne medan den kokar. Eg har ikkje prøvd det, men veit det skjer... Enjoy! 

tysdag 9. desember 2008

Alter for en (u)kjent gud?

Forrige veke var dette eit av fleire kunstverk som var stilt ut av kunststudentar i vrimlehallen på Universitetet i Agder. Ved første augekast ser det ut som eit hinduistisk alter eller noko, men ved nærare ettersyn består alteret av alle moglege slags greier. Til høgre er det eit skilt med "Forbrukar-sangen" på. Og i bøtta til venstre står det "Offergaver", med diverse skrot oppi. (Hugsar diverre ikkje kunstnaren)

Av alle kunstverka på utstillinga var det dette som gjorde mest inntrykk på meg. Vi lever i eit samfunn som strever etter å verte verdinøytralt, religionstolerant og forbrukartilpassa. Midt i alt maset med sekularisering greier jammen samfunnet å lage seg enda ein religion, basert på forbrukarane, overskudd og pengejag. 

Eg synes kunstverket gjev eit interessant perspektiv på kulturen vår: Sjølv om vi likar det eller ikkje, har pengar og det å skaffe seg all slags ting stor plass i hjertene våre. Nesten som om det var ein gud, eller fleire. 

Vi treng pengar for å leve. Vi må jobbe for å få tak i pengar. Lar vi det styre livene våre i for stor grad?

Tankjevekkjande.
Og utruleg utfordrande å våge å ta stilling til. 
Kva konsekvensar skulle det ha fått?


søndag 30. november 2008

Adventen er i gang

Då er det første søndag i advent, julen 2008. Eg og Åshild, ei av dei eg bur med, har pynta innkjøpte pepperkakehjerter med kvit melis og hengt dei opp i kollektivet for å spre juleglede. På bildet er dei fire hjertene med initialene til oss som bur her. 
Pepperkakene støtter kreftsjuke barn i Ukraina. Godt kjøp, Åshild :) 
I tillegg har eg gått til innkjøp av ei lita julestjerne, som lyser opp stovebordet. 

Har tatt meg fri i dag. Er dritlei eksamenar. Treng litt avkopling. Deilig. Gler meg til å kome heim til tidleg juleferie og bake med familien! 

fredag 28. november 2008

Fargepalett i nærmiljøet

Nabolaget er krydra med gamle og nye hus av alle slag. Og ei handfull slike koslege fellesgarasjar eller kva det no heiter. Ein smule slite, men det er bare inspirerande at alle dørene har ulike farge :) Eit resultat av "ikkje felleseige". Her er alle individ. Alle har ansvar for seg sjølv og sitt. 

Som no når eg les til eksamen. Eg kan klage så mykje eg vil, okke og stønne over kjipe bøker og uinteressante fag, men eg kan bare lære kunnskapen som må til på eiga hand. Og klaginga hjelper ikkje på humøret eller motivasjonen. 

Derfor, dagens moral: Tenk positivt!  Snart ferdig...

søndag 23. november 2008

Meant to live - Switchfoot

http://www.youtube.com/watch?v=72FkCoJfhgU

Fumbling his confidence
And wondering why the world has passed him by
Hoping that he's bid for more than arguments
And failed attempts to fly, fly

We were meant to live for so much more
Have we lost ourselves?
Somewhere we live inside
Somewhere we live inside
We were meant to live for so much more
Have we lost ourselves?
Somewhere we live inside

Dreaming about Providence
And whether mice or men have second tries
Maybe we've been livin with our eyes half open
Maybe we're bent and broken, broken

We want more than this world's got to offer
We want more than this world's got to offer
We want more than the wars of our fathers
And everything inside screams for second life, yeah

We were meant to live for so much more
Have we lost ourselves?
We were meant to live for so much more
Have we lost ourselves?
We were meant to live for so much more
Have we lost ourselves?
We were meant to live
We were meant to live

Hadde navnedag i går!

Gratulerer til meg sjølv med overstått navnedag, den 22. november. Dette er vel ikkje akkurat ein tradisjon for oss nordmenn, men eg tykkjer det er litt kosleg å tenkje på.
Silje tyder: blind - (blind for det onde, vil bare det gode) - lå på 1.plass blant nye jentenavn fra 1983-87 og i 1991

Det er for så vidt ei grei tyding det. Har også hørt at navnet i kristen samanheng kan tyde "den som vandrer med Gud", slik eg har skrive i profilen min. Den tydinga har vore viktig for meg, når eg skal definere meg sjølv og korleis eg vil leve.

Eg har ikkje alle svara, eg er langt i frå perfekt, men når eg famler meg fram i livet, går Gud ved sida av og hjelper meg. Han stør meg, bærer meg når eg treng det, og gir meg råd. Det er ikkje alltid eg hører på han, men han er der heldigvis likevel. Gud er glad i meg for den eg er. Takk for det!

Trykk her for meir info om namnet Silje, eller ditt eige for den saks skuld :)

måndag 17. november 2008

Isn't it lovely?


Då har eg ikkje gidda å skrive på ei stund grunna smerte i armene. Plagene kjem og går. Og dei kjem særskild når eg har eit essay å levere... Men no er eg ferdig med det forlengst, og prøver å ta igjen ein del lesing og pugging i dei to faga eg har eksamen i i begynnelsen av desember: "Fonetikk og uttale" og "Britiske studier". Skal bli godt å få det unna. 

I hagen er vi så heldige å ha eit par rosebusker, som enno ikkje er avblomstra, på trass av kulde, frost og til og med ein smule snø. I går var eg veldig i det kreative hjørnet (det skjer faktisk innimellom), og fekk dei vakre blomstene inn i huset. Nice eller? 

Desse heng til tørk på ein reol eg kjøpte på ein bruktbutikk i haust. Romantisk de luxe! Blomster gjer livet så mykje koslegare... På nattbordet mitt står ei lita glassvase med ein roseknopp i vatn. Eg gler meg til den opnar seg! 

fredag 17. oktober 2008

Historiens gang



Sitat frå ein artikkel i kompendiet vårt i British Studies, om utviklinga av romanen som sjanger på 17-1800-tallet (mi utheving): 

"Indeed, it has been said that the novel as a genre came into existence at that point in history when God the father ceased to be central in people´s experience, and that all novels search for an order to take the place of security of the original patriarchal order." 
John Peck, Studying fiction and prose

Litt trist, egentlig. 

tysdag 7. oktober 2008

Å ikkje miste seg sjølv

For eit par år sida dro eg som ung og uutklekka journalist til Skjærgårds M&M på Risøya. Eg intervjua ei ung kvinneleg artist frå Bergensområdet, som skulle ha konsert i begynnelsen av veka. Ho sa mellom anna noko som eg framleis hugsar, etter utallige intervju på diverse sommarstemner.

Eg spurde om noko i retning av "kor mange trur du kjem for å høyre på?" 
Då svara ho sånn cirka: 
"Det er ikkje så viktig. Dersom eg skulle bekymra meg for sånt, trur eg eg hadde mista meg sjølv."

Den siste leddsetninga har hengt seg fast hjå meg. Å miste seg sjølv. Kva vil det seie? Kva er "ein sjølv"? 

Mister vi oss sjølve når vi lar suksess gå til hovudet, lar profitten gje meininga med livet? Som artist og kunstnar skal det jo ikkje vere kvantitet, men kvalitet som tel. 

Mister vi oss sjølve når vi lever eigne liv i cyber space, og brukar mindre av tida i det verkelege liv? 

Eg kjenner at det lett kan gå utover kor godt eg har det med meg sjølv, når eg stresser veka igjennom for å planlegge og gjennomføre alle postar på programmet. Til tider har eg utruleg lite tid der eg i ro og fred kan nyte livet. Det handlar ofte om å ta seg tid. Nyte naturen. Kose seg med venner. 

I kollektivet der eg bur, har eg blitt flinkare til å setje meg ned, ta ein kopp te, og slappe av litt. Og til frukost, tar eg ofte fram Bibelen, og følger ein bibelleseplan. Då har eg det godt med meg sjølv. Og med Gud. 
Eg trur det med "sjølvet" og har samanheng med forholdet til Gud. At ein kan kvile i det at ein er god nok for Gud, og ikkje treng å gjere masse greier for å verte perfekt. 

Ta pauser. Slapp av, og vit at Gud elsker deg for den du er.