torsdag 29. november 2007

Høstfarger

Stemning frå begynnelsen av høsten. Kanskje ein smule rotete...
Men like fullt; epletreet i hagen heime satte i år rekord i epleproduksjonen. Dessverre vart også årets epler små og litt sure... men det bedrer seg vel etterkvart.
Fra hekken ved hybelen i Kristiansand. Prøvde ulike perspektiv, men synes dette var eit av dei som fekk reinare bakgrunn, og mest fokus på motivet.

fredag 23. november 2007

Bored

What to do...

Er heime, har utsatt eksamen. Hjelper til i heimen.
Orker ikkje lese alt for mykje.
Tiden går.
Call me!

tysdag 6. november 2007

onsdag 31. oktober 2007

På veg 2


Frokost i Kristiansand, lunsj på toget, pizza i Stavanger om litt, og kvelds i Øygarden. Skal bli godt å kome heimatt.

tysdag 30. oktober 2007

På veg


Det er i motbakke det går oppover, seiast det. Men det er tungt, og det kan fort gå nedover istaden... Kven veit kor fisken er på veg?

laurdag 27. oktober 2007

Høst



Høsten er her
livet er
Blader faller
livet er
fortsatt
i stammen
bladene dør

tysdag 16. oktober 2007

Lykkedag


Lykken er...

å gjøre det bra på eksamen.
å ete havregraut med eplebiter til lunsj.
å sykle ein tur med vind og løv i håret.
å handle nyttige ting til ein billig penge.
å drikke dyr kakao på ein koslig kafé.
å lese ein debutantbok i dagslys.
å kjenne at ordene skaper opplevelse.
å nok ein gong lage laks i Spinatsuppe og ete den, mens eg lytter til ein gammal kassett med Portveien 2 som syng 'ta en potet'.

søndag 14. oktober 2007

Bolle-lørdag


Ingjerd i klassen kom på graut og bollebaking lørdagen. Kjempekjekt:) Ho har virkeleg peiling på korleis vaniljekrem skal leggast i bollane! Så no er det bare å komme på besøk, frysen er full av skulebollar...

torsdag 11. oktober 2007

Laks i spinat?


Torsdagens middag: laksefilet i spinatsuppe! Faktisk veldig godt. Anbefales som alternativ til nudler;) det er mange gode ideer å hente fra toro-posene!

måndag 10. september 2007

Studentlivet for meg



Då er eg på plass i Kristiansand. Til og med hausten er komen, men sola heldt seg. (hah! til alle på stort-sett-våte Vestlandet ;P)

Overgangen til høgskulelivet var... ein overgang. Men på sett og vis liknar det på tilværet på folkehøgskulen; eit lite skulemiljø, og henging på skulen til langt på kveld.
Bare det at no må eg faktisk lese litt. Journalistikkstudiet er heldigvis veldig praktisk retta, noko høgskulen sjølv skryt fælt av.

Eg bur sentralt med to kjekke jenter, sykler til skulen (nesten) kvar dag, og har lært meg sjølv å fritere frosne vårruller frå Kiwi. Livet er herlig til tider, spesielt her i det (allerede nevnte) fantastiske veret.
Foreløpig er det verken nokon fast jobb eller trening på meg, men det får eg ta som det kjem.

Kom gjerne og besøk meg! Skal skaffe meg ein ekstra madrass ein gong...

onsdag 15. august 2007

Smak av himmel


Forrige søndag på veg til Kristiansand. Kjørte forbi Odda og fekk sjå dette vanvittige synet. Beklager dårlig kvalitet på deler av bildet... Norge er et fantastisk fint land,variert og flott. Men det er grusomt lange avstander. Blei litt lei etter ein del timer i bil. Men takk til Ingolf for at eg fekk sitte på! Fekk faktisk heile flyttelasset akkurat med i skodaen hans.

fredag 10. august 2007

Historien om en kommende journalist...


Det var en gang en ung pike som hørte på NRKs nyheter på radioen.
Plutselig hørte hun den skarrende stemmen til kanalens nyansatte midtøstenkorrespondent.
Propaganda fra ulike kristne kilder hevdet at personen drev med ensidig pressedekning av den pågående konflikten mellom Israel og Palestina.

Da piken skrudde på TVen, fikk hun se helamatørmessige kristenproduksjoner og "fattige" tv-predikanter tigge om penger.

Piken tenkte med ett: -Dette må jeg gjøre noe med!
Og helt siden den gang, har hun interessert seg mer og mer for medienes trivialiteter og snurrepiperier, og skal om få dager starte på studiet som vil ende i en bachelor i journalistikk.

Om hun en dag blir NRKs lykkelige nye midtøstenkorrespondent, gjenstår å se...

måndag 6. august 2007

I horisonten


Då er eg endeleg ferdig med jobben. Og takk for det! Siste veka var eg på sommarimpuls, og det var bra. Fekk filme med krane! Jadda. Bildet er fra utsikten fra ei av ferjene p veg heimatt. No gler eg meg til å begynne på studier i Kristiansand...

fredag 27. juli 2007

På den harde måten


Innleggene fra Israelsturen ble aldri fullført... Jaja. Skal jo lissom ha tid og overskudd til det. Foretrekker å bare legge bilder på Facebook.

Eg er i mi tredje veke som omreisende journalist for Dagen. Er i skrivende stund på UL i Haugesund. Var i Telemark og Grimstad dei to vekene som gjekk.
Egentleg hadde eg bestemt meg for å ikkje ta denne jobben, då jeg var utslitt etter samme jobb i fjor. Men trur du ikkje eg tok han likevel. Det frista liksom ikkje å gå til ein vaskejobb om sommeren, etter en topp med journalistjobb i fjor...

Å være klin åleine omreisende journalist er ikkje noko å anbefale for deg som hater stress, mac og lange reiser. Det er heller ikkje noko for folk som hater å ha daglege stunder av einsemd, eller dei som hatar å få kontakt med nye mennesker, sjølv når du ikkje vil.

Eg er privilegert som får ha ein slik jobb, reise fra det eine kristne stevnet til det neste, for å skrive om og fotografere alt som kan krype og gå av leirfolk. Eg får møte mange nye mennesker og samanhengar, som eg ikkje ante fanst ein gong. Erfaringa er at Jesus er alle stader, og at det er vanvittig mykje frivillige folk som gjer mykje bra.
UL t.d., viser seg å vere eit fantastisk arrangement for unge 16+. Eg er imponert over storleik og profesjonalitet på stevnet. Og ungdommen trivst.

Når eg har fri, har eg lært meg å slappe av på same stevnet eg har jobba på. I samtaler med nye folk, kjem vi alltid inn på kvifor eg er der.. og eg svarer som sant er, eg er journalist. Første muntre reaksjon i 90% av tilfella: "åh, då må vi passe oss for det vi seier". kven gidd å være på jobb 24/7?

Deadline er eit enormt stressmoment, når eg har dårlig tid på meg. Men du verda så deilig det er å vere ferdig med dagens produksjon. Og det er fortsatt eit kick å sjå navnet mitt på trykk i avisa, saman med tekst og bilder.
Eg krympar meg litt når eg finn feil, eller tenker at "dette kunne eg gjort betre". Men kva så? Etterpåklokskap kan ødelegge motet. Men til alle de som kan skrive: PLEASE GJE MEG LITT KONSTRUKTIV RESPONS!! savner det sårt...

Eg disponerer bil fra Dagen. Eg vil ikkje utlevere detaljer, men eg har funne ut at eg likar meg betre på breie motorvegar enn på trange parkeringsplassar...

I fjor lærte eg journalistikk på den harde måten. Eg lærer stadig. Men eg gler meg til å studere faget, og lære litt meir, og setje erfaringen i system.

måndag 2. juli 2007

Bursdag i Jesu fotspor

28. juni blei eg 20 aar! wow. paa dagen budde vi i ein kibbutz soer for genesaretsjoen, drog til kapernaum, der Jesus budde og gjorde mange av miraklene i NT. Deretter var vi på Saligprisningens Berg, der Jesus holdt Bergprekenen. På bildet er vi på veg ned til Genesaretsjøen.

paa ettermiddagen var vi i eit badeland, der vi kunne bade i genesaretsjoen. vanvittig stilig aa tenke paa at Jesus var her for 2000 aar siden, alt blir saa konkret naar man ser landskap, steder og ruiner foran seg.

om kvelden aat vi middag paa kibbutzen, verdens torreste hamburger og pommes frites... plutselig blei lyset slaatt av, og inn kom ein mann baerande paa ei lita kake med 20 lys paa, mens alle sang bursdagssangen. det var skikkelig koslig!
deretter vart eg heist i veret 20 gonger av fire menn, mens eg sat paa en stol. det var ei oppleving...

fekk blomsterbukett, pengar og doedehavsprodukt av familien, og seinere eit kort og eit suvenirsmykke av reiseleiarane.
ogsaa mange koslig helsingar fraa venner paa facebook og p mobilen, tusen takk alle sammen! har ikkje hatt anledning til aa svare nokon dessverre.

no er vi paa ein kibbutz utafor jerusalem. vi kom i gaar, var innom oljeberget og saag paa gamledelen av byen derfra. idag var vi innom fødselskirken i betlehem, og besoekte kristne palestinere. seinere var vi innom yad vashem, holocaust-museumet. vi hadde daarlig tid, men det var sykt sterkt aa sjaa historiene til overlevende bilder og film av det som skjedde...

imorgon skal vi inn i jerusalem, stikkord blir tempelplassen gamlebyen, og shopping.
sjoelv om dette er ein familietur , med smaatt og stort, er tempoet ofte raskere enn vi skulle oenske. lurer faelt paa korleis ein vanlilg guidet tur fortoner seg... men vi koser oss, tar livet med ro og bader mye ;)

men no maa eg stikke og ete middag... gla i daake alle !

torsdag 28. juni 2007

I soendagsskolelandet...

Daa er vi i Israel for lengst... Soendag flaug me fraa Stavanger til Tel Aviv, med mellomlanding i Frankfurt. Dei tre foerste dagane budde me i Natanya, der me slappa av, avklimatierte oss og koste oss paa stranda ved Middelhavet.

Onsdag vart foerste sightseeingdag, med alt det innebaerer av koeyring, svetting og severdigheter. Foerst var me innom Caesarea (bildet), byen der apostelen Peter vitja heidningen Kornelius, der Paulus var fange, og Herodes den store realiserte visjonen sin om ein stor og flott by med havn. No ligg sjølvsagt bare ruinene attende, men det var interessant aa sjaa og forestille seg korleis byen ein gong var.


Karmelfjellet var ei vanvittig oppleving. Vi stod paa toppen og las teksten om Elias som vann over Baals profeter, og eg vart heilt roert. Skikkelig sterkt at eg var der Gud for fleire aartusen sidan gjorde mektige ting. Aa vite at dalen med saag utover, harmageddonsletta, ein dag skal vere aastad for den siste krig mellom Israel og verda, gav meg gaasehud.

Deretter bar det til Nasaret, der vi vitja Bebudelseskirken, der Maria visstnok skal ha hatt besoek av engelen Gabriel. Kvifor dei bygger kirker for slike ting fatter ikkje eg, men det er no og ein maate aa bevare slike stader paa.
Saa var vi innom Nazareth Village, der kristne arabarar hadde laga til slik det var paa Jesu tid, med hus og statistar. Stilig. T.h. Louise, søstra mi.

Tilslutt enda vi opp i ein kibbutz soer for Genesaretsjoen, der vi skla bu i fire netter. Her var det sinnsjukt varmt! I Natanya dempa brisen for Middelhavet varmen, men her, langt inne i landet og nokre hundremeter under havet, stod lufta heilt stilt.

laurdag 23. juni 2007

Vi er på veg!

Då er den uoffisielle Israelstur-bloggen i gong.

Søndag tar eg og familien fly til Israel tidleg om morgonen, og vert der i to veker. Det er heilt utruleg at vi faktisk skal reise dit.
I dag kjørte vi frå Bergen til Stavanger, ein lang og keisam reise.
No bur vi på hotell like ved Sola flyplass. Vi skal stå tidleg opp og møte til innsjekk kl.04.30.
Mamma har det fint. Takk til alle som har bedt for oss.

Beklager til alle venner i Stavanger eg ikkje rakk å helse på i dag, hadde simpelthen ikkje tid.

Ein kuriositet: Brann-laget bur på samme hotell som oss :) Litt vittig å møte dei i heiser og resepsjon.

måndag 11. juni 2007

Karinas utdritningslag

Den berømte datoen 7.7.07 seier ho ja til sin kjære Lars i Ålesund. Men før den tid, fann vi ut at litt utdritning måtte til. Lørdag 9. juni troppa eg, Tina og Synnøve T opp på jobben til Karina i Kristiansand, og fekk ho til å skifte til "brureklede". Dei bestod av ei t-skjorte med påskriften "ÅJ! JEG SKAL GIFTE MEI", og ein blondeduk forvandla til eit slør. Det noko unormale antrekket vakte ei viss merksemd mellom forbipasserande og folk som sat på uterestauranter, utan at Karina lot til å la det dempe gleda over å endeleg få ut sitt sanne eg.

Karina ante ikkje på førehand at eg og Tina var der, så det heile var ei gledeleg overrasking for hennar del. Ho måtte utføre ein del oppgåver, fekk nellik, sjokoladepenger, og ein badeartikkel for kvar gong, og endte opp slik de ser henne over :)
Karina måtte pusle eit barnepuslespel midt i gågata i Kristiansand, medan ho spurde etter hjelp frå forbipasserande. Den gamle mannen i bakgrunnen på biletet sat og såg på, og fulgte med litt nedover gata! Vittig.

Deretter hang ho opp plakat om portretteikning for 20kr, og teikna folk. Somme betalte til og med, sjølv om resultatet gjerne ikkje alltid blei like fint. Første kunde var ei anna brud som valsa rundt i ei skidrakt, med plakaten "siste sjanse til å kysse bruden".


Vi haldt på å renne vekk i den unorske varmen, så vi tok ein forfriskande is på McDonalds. Medan vi åt, skreiv Karina eit utbrodert kjærleiksdikt til sin komande ektemann. Så ringte ho til han, las det opp med ei innleving som ville ha rørt stjernene, og la på. Deretter måtte ho finne ein annan mann og lese det til, i tillegg til å gje alle dei opptente nellikane til han. Mannen vart så forfjamsa at han ikkje heilt visste kor han skulle gjere av seg, medan vennene hans koste seg godt. Vel utført, Karina!

Etterpå bar det ned til Nupenparken ved sjøen, der den nye utfordringa var å klatre opp i fem tre. Dette var yndlingsaktiviteten tidlegare, men ho kunne etter klatringa utslitt konstatere at det var lenge sida sist.

Siste premie var ein flytemadrass. Og kva gjør ein med badering, armringar og flytemadrass? Jo, ein bader! Karina blei sendt inn i fontenen i parken, der ho fikk drahjelp av ein badande liten gutt, og blei klissvåt.















Så fulgte det mest vondskapsfulle i heile programmet; Karina fekk bind for auga, blei snurra rundt, og geleida på den venlegaste måten til kanten av kaien. Ho ante visstnok ikkje kva som var på ferde, sida ho allereie hadde bada, men skjønte det då vi dytta ho ut i sjøvatnet. Det skjedde til ville protestar, heilt til ho kjente at sjøen var varm.

Dagen vart runda av med heimalaga pizza, frukt og is i Thorsheims stilige bolig, saman med enda fleire venninner.

Karinas kommentar: Kunne gjerne vart enda lengre!

laurdag 12. mai 2007

Solborg no more...

Dei siste dagane på Solborg gjekk i å samle helsingar bak i årboka mi. Her sit vi ein gjeng og skriv til kvarandre. I dag var siste skuledag. Heilt grusomt å tenke på alt eg ikkje skal gjere meir... det blir ikkje fleire sykleturar med Marianne, ikkje meir henging med gode venner, ikkje fleire pizzakvelder med venninnene frå Flekkefjord, ikkje meir filming i IMIkirken...

Eg skal innrømme det; eg grein i dag. Men ikkje før på fellessamlinga på slutten av skuledagen, midt under talen til rektor, av alle ting... Og då eg skulle klemme gode venner for siste gang, knakk eg heilt. Kjem til å savne dåke alle!

Solborg folkehøgskule har vore veldig bra for meg, spesielt sosialt sett. Trong verkeleg eit år fri for karakterstress og dagleg pendling. Eg har fått bli kjend med mange bra folk, blitt utfordra på mange måtar, og utvida perspektivet mitt. Er begynt å bli litt klar for å studere. Like greit, for eg har ikkje kjent "kallet" til så mykje anna.

Alle som fortsatt er i Stavanger: vi snakkes plutselig!

måndag 30. april 2007

Two weeks left...


Då er snart tida mi i Stavanger ute. Om to veker er eg heime i Bergen att, utan mål og meining... Har ikkje fått nokon jobb i mai-juni enno.

Det er fantastiske dagar på Solborg no, sola har bestemt seg for å leike sommar, og trea på skulen står i full blomst. I helga leikte vi boksen går om kvelden, og etterpå overnatta vi i Borgny kafé. Vi koste oss og såg på filmar til langt på natt.
Søndag sykla eg og Marianne S ein tur rundt Stokkavatnet, og dyppa føtene i det kalde vatnet mens vi åt cherrytomatar. Herlig!


Eg og Marianne har hatt som mål å trene kvar søndag i år, noko vi har greidd sånn delvis. Det er sinnsykt deilig å suse avgårde på sykkelen, i den grad kondisen og dei tusen turgåarane tillater det. Vi tok og ein tur til Hafrsfjord.

Forrige helg arrangerte media og rampelys-linjene Solborg Grand Prix. Det var masse arbeid, men det blei sinnsjukt kjekt. Mange gode innslag!

Ellers vurderer eg sterkt å dra til Kristiansand og Mediehøgskulen til hausten. Men alt kan skje, så det er ikkje sikkert før i juli...