måndag 10. september 2007

Studentlivet for meg



Då er eg på plass i Kristiansand. Til og med hausten er komen, men sola heldt seg. (hah! til alle på stort-sett-våte Vestlandet ;P)

Overgangen til høgskulelivet var... ein overgang. Men på sett og vis liknar det på tilværet på folkehøgskulen; eit lite skulemiljø, og henging på skulen til langt på kveld.
Bare det at no må eg faktisk lese litt. Journalistikkstudiet er heldigvis veldig praktisk retta, noko høgskulen sjølv skryt fælt av.

Eg bur sentralt med to kjekke jenter, sykler til skulen (nesten) kvar dag, og har lært meg sjølv å fritere frosne vårruller frå Kiwi. Livet er herlig til tider, spesielt her i det (allerede nevnte) fantastiske veret.
Foreløpig er det verken nokon fast jobb eller trening på meg, men det får eg ta som det kjem.

Kom gjerne og besøk meg! Skal skaffe meg ein ekstra madrass ein gong...