torsdag 28. januar 2010

Skal kristne bevise Guds eksistens?

"Fordi vi lever i en relativistisk kultur, nytter det ikke med rasjonelle argumenter for Guds eksistens. Eller?"

Les den interessante artikkelen Skal vi likevel bevise Gud?

måndag 4. januar 2010

Dei neste 361 dagane

Eg må sei eg gler meg til å kome attende til Kristiansand neste veke, men eg gruar meg litt til hovudprosjektet... Det vert uansett ein lærerik vår. Ellers har eg faktisk få vedtekne planar for sommar og haust 2010. Det vert vel sommarjobb ein stad, og som ferie kunne eg tenke meg ein roadtrip :) Noken som joinar? Gjerne noken med bil ;)

Kunne tenke meg ein tur til Nord-Norge. Har aldri vore der før, og har få kontaktpunkt, men vil gjerne sjå den vakre naturen alle skryt av. Ellers hadde det vore artig med (sykkel)tur i Danmark eller Holland... drømdrøm...

Er altså ferdig med bachelor i journalistikk (og engelsk) til våren, og må finne på noko til hausten. Det blir enten
- jobb, helst i media
- studier; internasjonal/samanlikande politikk, midtaustenstudier, etc. Kanskje Bergen?
- reise, medan eg er ung og fri...
- dts/bibelskule? treng påfyll!

Tilbakesjåing


Dette innlegget kunne hatt tittelen "Oppsummering 2009", "Nytt år, nye moglegheiter" eller "Sånn går no dagan" (som pappa stadig seier), men eg vel å hoppe over klisjeane og lage mitt eige ord: "Tilbakesjåing".

2009 har vore eit godt år, om eg skal sjå på det positive. Og det har hendt ein god del oppmuntrande. Eg fekk meg ein studietur til York, England, med engelskklassen, og fekk særs gode karakterar på våren. Dessutan kom eg endeleg i gong med styrketrening!

Til tross for alle dystre tankar og myalgien (muskel-irritasjon/verk), gjennomførte eg altså årsstudiet, og fekk meg til og med sommarjobb. At eg greide den gav meg håp og framtid att.

Dermed bar det vidare på andre år på journalistikk, og jammen har eg ikkje greidd det første semesteret bra, med studietur til Afrika som løn (eller pengesluk).

Eg er stolt over å ha komen meg vidare sjølv om eg vore ganske langt nede til tider, og har samstundes prøvd å ikkje presse meg sjølv meir enn nødvendig.

Takk til gode sambuarar for det dykk betyr, UiA og MhG for tilrettelegging, alle venner for minneverdige stunder i lag, og familie for støtte og forståing!
Eg har framleis ein veg å gå, men er godt i gong no.