tysdag 30. september 2008

Observasjonar i Aalborg

Forrige helg, det vil sei 18.-21. september tok eg meg ein ad hoc-tur til Danmark for å besøke mi kjære norske venninne Ingvild (bildet under). Eg tok båten til Hanstholm sammen med Malene (over), som blei henta av søstra si, med tilhøyrande kjærast. 
Vi køyrde med Masterferries (Fjord Line), som var ein stor skuffelse. Det var billig billett, men gå mann kor liten båten var ift det eg trudde. For ikkje å snakke om TaxFree-en. Den var liten og inneholdt masse beverage og lite snop. Det låg ein einaste toblerone der, overprisa de luxe. Så dette blei ikkje turen eg shoppa snop... 

Ingvild hadde det kjempekoslig i sin lyse og temmeleg nye leilighet på kampus i Aalborg.  Ho studerer fysioterapi. 
Eg shoppa på dagtid medan ho var på skulen, og på kveldstid hang vi med denne danske gjengen. 
Veldig kjekke folk frå det kristne skolelaget ved Universitetet i Aalborg. Det som gjorde mest inntrykk på meg var at danskene har ein heilt annan mentalitet ift alkohol. I Noreg kan det i somme kristne kretsar vere synd å ha tatt i alkohol, medan andre gjerne drikk seg fulle på festar kvar veke. 
I Danmark er det derimot meir naturleg forhold til alkoholholdige drikker. Hos den kristne karen vi besøkte her, var det eit barskap, utan at det blei drukke noko der og då. 

Men dei likte å røyke vannpipe. Eg tykte det var ein smule uhygiensk at alle sugde på den same greia, men det var absolutt ein hygge-sak. Godt lukta det jo og. Men som wikipedia seier: All røyking er helseskadelig, så eg stod over. 

Elles var Aalborg ein fin og triveleg by, men faktisk mindre enn Bergen. Eg gjekk bare i sjølve gågata og shoppa, der eg fann dei fleste klesmerka vi og har i Noreg, samt eit par andre. 

Danskane forstod forbausande lite av norsken min, så eg måtte halde meg til bokmål og helst danske gloser. Og når dei skulle herme etter meg, kom det ut svensk! Artig. Eg har jaffal lært ein setning: "Jeg kan godt lige... " tyder "eg likar..." 
Litt sær setningsoppbygning.