torsdag 12. juni 2008

Bursdagsønskelista

(Sånt som går an å få til: )

1) Masse oppmerksomhet
2) Vennebesøk
3) Cder: Leeland, Delirious?, Stephen Curtis Chapman, osv osv
3b) Gavekort på iTunes
4) Spennande bøker og filmar
5) Penger! Skal til Kenya til hausten...
6) Klede, smykker, sminke
7) Evt gavekort
8) Bilder i ramme / collage
9) SPA / massasje :)
10) Overraskelser
11) DV-kamera

(Sånne litt vanskelegare ting: )
1) Mamma tilbake
2) Friske armar
3) Fred på jord (seriøst!)
4) Sommarjobb

ps: slutten av juni :)

måndag 9. juni 2008

Oppsummering:

Då gjenstår bare siste eksamen i journalistikk i morgon, og så har eg fri ein heil sommar! Det skal bli fantastisk å hente seg inn att på alle måtar. (utanom økonomisk, men eg har masse lån å ta av ;) ) 

Slit stadig med myalgi (el ka d heite); overanstrengte armmuskler, som følge av statisk overbelastning, pga mac-bruk, mye pc på studiet, og trolig utløst av kranfilminga i januar...(fillern!) 
Til gjengjeld får eg muntlege eksamenar, og det er bare fint. 

Denne veka er det utflytting av kjellarhybelen, over til eit hus eg skal leige med tre jenter som eg kjenner litt. (dvs, eg aner ikkje kven den fjerde er enno)
Får hjelp til flytting osv av mi kjære kusine Linda med ektemann Øystein. Eg vil hermed uttrykke mi djupaste takksemd til dåke, for all hjelp, køyring, overnatting osv...Kva skulle eg ha gjort utan dåke? Takk! 

Også må eg takke mine kjære sambuarar Marita (biletet) og Inga May (avbilda tidl p denne bloggen) for eit kosleg og fint år i lag. Me kjente ikkje kvarandre då vi flytta inn, men så lenge vi visste at dei andre var kristne, var det greit ;) Eg tykkjer det har gått veldig bra. De er godklumper begge to!

Var heimom førre veke, og var på tur i familiens nye båt. Det var kjempekjekt! Gratulerer med båt, pappa. Gler meg til resten av sommaren... (bilder kjem, macen gidd kje idag)

Elles har eg (kremt!) bursdag i slutten av måneden. 21 år er ikkje gale, men er komen til det stadiet der folk trur eg er yngre enn eg er. Hallo?! Folk tror eg er 19 og sånn, heilt ufatteleg, når eg er van med at eg ser eldre ut. Men det skal vel bare eit par år til før eg tykkjer det er heilt greit å sjå yngre ut... 

Eg har greidd å fullføre studieåret, med gjennomsnitt på B. Det er eg vel nøgd med. Godt gjort, sett i forhold til kva eg har gjennomlevd dette året. Men eg er sliten, og er glad for ferien, som starter om under eit døgn. Burde vel eigentleg lest nett no, er kanskje ikkje så godt teikn at eg ikkje er særleg nervøs før eksamen?!

Men altså; gler meg til å møte folk att! Det er bare å ta kontakt, når som helst, ikkje ver redd for det! Snakkast plutseleg!