fredag 30. mars 2007

Eit døgn på reis

Då er eg endeleg heime att. Landa på Flesland etter vel 24 slitsomme timer på reisefot. Flyet frå Bangkok vart forsinka 3 timar, men vi rakk fint flyet frå Amsterdam, sidan vi hadde 5 timar å gå på. Eg fekk derimot meir nerver då Amsterdamflyet vart forsinka eit kvarter; flyet Stavanger-Bergen skulle gå ein time etter eg skulle ha landa. Men overgangen gjekk greit, innsjekk og avgang var forsinka i Stavanger også. På flyet til Bergen tok eg meg sjølv i å sei 'thank you' til ei norsk flyvertinne, er blitt så vant med å kommunisere på engelsk og eit sparsomt thai-vokabular. (Takk = kop khan kaa)

Det var skikkeleg kaldt å komme til Norge att, tørt klima og gjennomtrengende vind. Heldigvis varmer sola litt. Pappa henta meg på flyplassen og køyrde meg heim. På vegen stakk vi innom ein matvarebutikk. Eg vart med inn, noko eg kanskje ikkje skulle gjort; fekk litt kultursjokk over kor norsk og reinsleg det var der, pluss at eg var trøytt og sliten etter eit døgn på reis. Men det gjekk bra.

Heldt på med å innstille kroppen til norsk tid. Vakna kl 6 i dag tidleg, utkvilt, fordi klokka egentleg var 11 for meg.

torsdag 29. mars 2007

Solbrente og snorklende


Beklager lite oppdateringer paa bloggen, men har lidd under treigt og elendig internett nede i Krabi. No sit eg paa flyplassen i Bangkok. Kom hit i 16-tida, og flyet gaar 23.20, thailand-tid. Framme i Amsterdam i 5-tida, lokaltid, og maa vente ca 5 timer foer flyet gaar til Norge.

Har hatt ei fantastisk veke i Krabi, med steikende sol, god mat og deilige sjoebad. Ein dag dro vi paa oeyhopping, koyrde med speedbaat fra oy til oy, snorkla mellom smaafiskar, kosa oss paa Phi Phi-stranda, og saag ein del av oya der filmen 'The Beach' vart spelt inn. Det er vanvittig fin natur i Krabi. Daa vi kom koyrande med baat til Railey Bay, der vi budde, fekk eg litt 'Pirates of the Caribbean'-stemning, og maatte tralle litt filmmusikk for meg sjoelv ;) -legg ut bilder seinere.Samtidig som vi har vaert i Thailand, har tre klassekamerater fra ifjor, som gaar paa Hedmarktoppen FHS ogsaa vore paa tur. Vi fann ut at dei var i Ao Nang, ein kjapp baattur fra Railey Bay. Saa hin kvelden tok nokre av oss baat over. Ingen av dei tre ante at eg var der. Foerst moette eg Maria Hpaa gata. Ho vart heilt himmelfallen. Det var sinnsjukt artig. Deretter moette eg Ole Karsten i hotellobbyen der dei budde, og Marianne S paa rommet hennar. Alle tre like overraska over aa plutseleg sjaa meg i Thailand, lissom. :) Etterpaa aat vi ute saman.


Stranda paa Railey Bay var nydeleg, med ei fantastisk utsikt rett ut i eit eller anna hav (som for saa vidt minna litt om utsikten fraa rommet mitt heime...) Om kveldene spelte eg volleyball i solnedgangen, aat mat paa restaurant, tok kveldsbad i bassenget, gjorde eit mislukka forsoek paa aa poste ein blogg... Flugene eg skreiv om sist har ikkje vore den stoerste plagen dei andre dagene, heldigvis.

Eg har hatt ein fantastisk tur, egentlig. Faatt oppleve Thailand baade paa godt og vondt, oppsoekt baade turiststeder og bushen, strand og slum. Er sliten no, saa det skal bli godt aa koma heim att, treffe familie og venner.

laurdag 24. mars 2007

Beach med modifikasjoner


Loerdag kom vi endelig til staden vi heile tida har venta paa, stranda i Krabi... Vi bur paa eit hotel i Railor Bay e.l., paa ei oey vi kom til ved aa ta smaabaat. Det er eit dyrt hotel med hoeg standard, og det er bra. No sover eg paa rom med Marianne, Synnoeve og Heidi. Stranda er flott, med fantastisk horisont, minner om den fraa rommet mitt heime i Oygarden... endeleg sjoelukt. Dessverre er det litt skarpe steiner her og der, usynlege i det uklare vatnet. Dessuten skal det vere brennmaneter, som liknar paa glassmaneter, som brenn noko saa inn i granskauen. Men eg greier nok aa unngaa dei.

Meg og Marianne S.

Tok ein liten dukkert i sjoeen i dag, og aat chicken w/casewnuts paa hotellets restaurant seinere. Det er dyrt her, men det er jo ogsaa det eineste aa ete paa paa oeya. Dessverre er dette ein uterestaurant, som tiltrekker seg optimalt med diverse fluger. Og desse oppheld seg ikkje bare i lyset som tiltrekk dei, flugene liker best aa spankulere paa bordet, glaset, salatbladet og gaffelen. Eg, Heidi og Dag Arne var snart ute med servietter 'med rett til aa drepe'. Det kjipe med flugene, var at vi paa forhaand var varsla om sandfluga sitt bitt som visstnok gjev store hevingar i huda. Sandflugene skal visst likne bananfluger. Og eg, som har 40 myggstikk fraa foer, fekk delvis panikk av aa bli omsverma paa denne maaten av diverse flugeartar. Ein av dei er noedvendigvis sandfluga... Korleis eg skal overleve resten av veka paa denne restauranten, maa faaglarna veta.

Shoppoholikar

Etter Phibun i nord-oest, tok vi luksusbuss i 16 timer til Chang Mai i vest. Her tok eg heilt av med shopping, baade til meg sjoelv og til familien. Vi budde paa hotell Night Bazaar Hotel, midt i nattmarkedet i Chang Mai. Sinnsykt mange boder som settes opp paa ettermiddagen, der fleire sel nett det samme. Pruting er ein kunst eg er blitt flinkare i sidan Bangkok, men kor mange roeverkjoep eg har gjort, er usikkert. Kjoete jaffal billige Converse-sko og -veske, inne i ein Converse-butikk, saa det skal vere ganske trygt at det er ekte.

Fekk ogsaa skreddersydd ein kjole hjaa Daniel International Taylor, den foerste og beste eg og romkamerat Elin fann. Den blei ikkje slik eg hadde tenkt i utgangspunktet, men den blei veldig fin :) Betalte 5500bath = ca 1000NOK.

I Chang Mai dro vi til ein elefantpark, der vi rei ein lang tur paa elefanter, saag elefantshow, og 'rafta' paa ei elv paa bambusflaater. Det var ikkje akkurat rafting, det gjekk urseint og var varmt, men det var no koslig og avslappende for dei som valde aa sjaa det paa den maaten.

Torsdagen sykla eg og ein gjeng off road! Sinnsykt heftig. Aldri gjort det foer, men eg skal definitivt gjoere det igjen. Digger aa suse avgaarde, ogsaa var det eit veldig fint landskap og.

Fredag tok eg og nokre jenter tuk-tuk til eit offentlig utebasseng, der vi bada og sola oss fleire timer, foer vi satte oss paa nattoget til Bangkok igjen.

torsdag 22. mars 2007

Overnatta i bushen

Beklager at eg ikkje har faatt skrevet noko her paa ei stund, har vore litt uten pc og gjort mykje.

Forrige helg var vi i Phibun, oest-Thailand, der vi besoekte Immanuelhjemmet, et internat for fattig ungdom, slik at dei kan gaa paa skule. Vi blei delte i grupper paa tre og to, og overnatta hos ulike elever fraa internatet. Eg og Synnoeve besoekte ei jente som heitte Ging, som budde 1,5 timer med lokal 'aapen-lasteplan-buss' fraa Phibun. Mora henta oss opp paa ein moped ved hovudvegen og kjoerte oss inn i bushen.

Det var ein unik opplevelse. Vi aat frukt og middag det gjekk fluger paa, mens vi aat, det var frittgåande høns og bikkjer overalt, vi proevde aa kommunisere med thaiene, gikk amok med anti-bac og vaatservietter, og gjorde fra oss paa ein veldig etnisk staado... Men det var absolutt verdt det. Ging og familien var vanvittig gjestfrie, og gav oss det beste dei hadde. Vi fekk til og med vifta daa vi skulle sove. (Det var vi veldig glade for, ellers hadde vi daua av varmen... )

Uheldigvis la all landsbyens mygg sin elsk paa meg, saa eg fekk 30 myggstikk som hovna litt. No er dei heldigvis gaatt ned att, men nye er komen til.
Her sitter f.v. Synnøve, bestemora, to naboar og Ging, og et frukt.
Ging (t.h.) fekk ein volleyball av oss, og mora fekk to medbrakte laken som vi hadde over oss daa vi sov. Familien var veldig stille av seg, men hadde tilfeldigvis bygdas skravlekjerring til nabo (kvit t-skjorte). Det var heldig for oss, for uten ho hadde det vorte litt pinlig stilt til tider. Ho prata i veg om alt mogleg paa thai, og sidan vi ikkje skjoente baeret, svara vi bare 'tok-lung', som tyder 'ok'.

Den natta sov vi daarleg. For det foerste var det varmen, for det andre stod mora til Ging opp eit par gongar midt paa natta, fordi Ging var sjuk, og for det tredje var det mange lyder. Saerskilt tidleg om morgonen, for daa begynte hanen i huset aa gale. Og alle hanene rundt oss svarte, osv. I tillegg var det ein infernalsk lyd som vi ikkje greidde aa definere, som overdoevde hanene. Umulig aa sove! Daa fuglane endeleg gav seg, sovna vi som nokre steiner, og vakna ikkje foer mora vekte oss forsiktig, for aa seie at bussen nett var kjoert... Vi vakna ikkje skikkelig av at bussen stod utafor, med rusa motor og hoege 'falang falang'-rop over hoegtalaren!! (Falang = kvite, det alle seier daa dei ser oss) Men vi fekk no slengt oss paa moped etter bussen, som venta i hovudvegen, etter ein verre frukost med ris, omelett og blekksprut (nei, eg aat ikkje blekkspruten...)

torsdag 15. mars 2007

Flytende butikker

I dag dro vi paa lang kjoeretur i buss, utenfor Bangkok. Paa veien var dette eit artigt syn... Men ingen staahei av den grunn. Jaja.

Ein av dagens attraksjoner for vaar del, var Floating Market, med lange kanalar og folk som vil selje frukt, mat, og meir eller mindre tvilsomme suvenirar fra baatane sine.
Eg kjoepte mellom anna minibananer, groenn kokosnoett, noko kokosmat og smakte paa artige frukter.

Videre bar det til ein stad med der vi aat lunsj, og saag paa elefant- og krokodilleshow. Vi avrunda dagen med eit folkloreshow i Rose Garden. Kvifor staden heitte Rose Garden, maa du spoerre nokre andre om, det var ikkje saa mykje roser der... Men eg mata jaffal ein elefant med minibananane mine. Eg har tatt paa ein elefant! Jadda...


Foeler meg vanvittig turist, egentlig. Eg er jo det naturlegvis, men faar nesten daarleg samvit til tider. Her kjem vi, kvite og rike, og sper ut av vaar rikdom paa alle dei kommersielle tilstelningane. Alt skal tenast pengar paa; bilder av deg med apen, tigeren, elefanten, osv, gjerne paa eit fat dei nett har prega. Eller ein ridetur paa eit dyr. Stakkars dyr, skulle faatt litt meir fred.

Ein annan greie som gjer det heile litt ukomfortabelt, er at vi gjer akkurat det same som dei fleste turistar har gjort foer oss. Difor gler eg meg til vi skal til Phibun i oest-Thailand, der veldig faa vestlige reiser til vanlig.

Der kongen skifter klede paa buddha


Forts. tirsdag:

For thaiene er det to ting som staar hoegt i kurs; buddhismen og kongehuset. Sistnevnte er det bilder og plakater av overalt, gjerne med bannere over som 'Long live the king'. Religionen er ogsaa veldig synlig, med private minitempler i bakgaarder og foran hotell.
Vi besoekte Grand Palace, som er thaiene sitt mest hellige buddhisttempel-omraade. Vanvittig glamoroest og forseggjort paa totalbilder, men gurimalla saa skuffende det var aa bare sjaa klatter med gullmaling paa ein del av bygningane, som den til hoegre paa bildet.
Det er hit kongen kjem for aa be og ofre, og tre gongar i aaret skifter han gullklede paa ein liten buddha som sit i det 'aller helligste', i eit rom med sko- og fotoforbud. (Vi var der...ikkje saa altfor imponerande, men interessant. Kanskje litt oedelagt av all turismen.)

Slangefarm og elvebaat

Bangkok er etter sigende Asias tidlegares svar paa Venezia, med mange kanaler.
Tirsdag dro vi paa tur med eit par slike elvebaater som paa bildet. Baatane hadde paahengsmotor og gjekk vanvittig fort i begynnelsen. Saa kom vi inn i smalere kanalar med fattige paalehus, tempel og rikmannshus side ved side.
Laila fra NMS, Henrik og Synnove.

Vi stakk innom ein slangefarm paa vegen, der eg holdt ein pytonslange for 20 bath. Ska sei... Foruten nokre andre typar slangar, var det ogsaa ein tiger (!), papegoeyer, krokodiller og aper der. Til slutt saa vi eit slangeshow. Kva som var mest underhaldande av kvesande slangar og folk med slangeskrekk var ikkje godt aa seie.Slangen var ikkje saa galen den, heller ikkje slimete, hadde bare ein skjellete overflate. Men eg var overraska over kor faa gutar som holdt pytonslangen. Dei fleste bare skygga unna. Jaja, mediefolk er kanskje ikkje saa toeffe...

tysdag 13. mars 2007

Foerste dag i Bangkok

Etter ti timer paa fly fra Amsterdam er vi endelig i Bangkok...Flyet gjekk 17.50 norsk tid, og framme 15.00 thai-tid (seks timer foran). Fekk nesten ikkje sove heile natta, saag paa filmer og ble vekka kontinuerlig av andre som gjekk forbi. Det blei heldigvis ein liten time litt foer vi landa.
Slik som med alle andre sydenfarere, slo varmen i mot oss daa vi kom ut fra flyplassen, og den fuktige lufta fekk kleda til klebre seg til kroppen. Vanvittig deilig aa endelig kjenne varme! No kan daake bare ha det saa godt alle daake heime :P

Apropos, begynte eg aa savne folk allereie daa eg sat paa flyet. Gler meg nesten til aa koma heim att...
Men nok om det. I dag har eg faatt proevd meg paa pruting, kjoept ei fake Billabong-t-skjorte, og ein liten elefantsuvenir. Har vore troett etter flyturen, nesten litt shaky, men det gaar bedre no. Bare magen er litt urolig. Men no maa eg stikke, skal sjekke livet litt.. Klokka er 20.05

måndag 12. mars 2007

Snart i Thailand


Då er det bare få timer til eg set på flyet til Thailand, via Amsterdam... Det har ikkje gått heilt opp for meg, men det kribler fælt i magen i dag.

Om eg ikkje får skreve så mykje på denne bloggen, kan du følge med på revyogband.wordpress.com for å sjå kva vi driv med.

Gler meg til å oppleve ein heilt annan kultur, maten, folka, varmen og sola... sammen med gode venner :)

snakkes :P

laurdag 10. mars 2007

Vi snakker torsdagspizza

Torsdag tok vi turen innom åpent hus på Norges Kreative Fagskole i Stavanger, som forøvrig var uinteressant for min del. Dessverre gjekk vi glipp av kvelds, så Eliane, Nina og meg fann ut at tida var inne for å investere i litt Grandiosa. Kjempegodt!

Vi fekk steike pizzaene på det hellige skolekjøkkenet, og sneik oss til litt juice fra lunsjrommet til lærarane ved siden av... hihi.

torsdag 8. mars 2007

Skulegensarane


Mandag fekk vi utdelt sårt etterlengtede skulegensarar.
Dei fleste har mørkebrun eller blå, som Synnøve. Eg har begge deler.

Vi har bestilt klassegenser/ t-skjorte og.

Kvinnedagen


Gratulerer alle verdas kvinner; i dag er det den store (?) kvinnedagen.
Det er vel for så vidt på sin plass, når menn og sønner har sine faste dagar kvar veke.

Kva vi skal gjere for å feire dagen, er ikkje godt å seie... *hurra* Feirer med ein Nemi, eg.

onsdag 7. mars 2007

Eventyr på Rica





Rica Hotel er ein av skulens næraste naboar. Så langt i år har eg bare vore i resepsjonen, men 2. mars fann Mona, Anne Brit, Erik og eg ut at vi var nødt til å ta en tur opp på toppen for å nyte utsikten. (Sjølv om det var mørkt ute... )

Etter eit lite opphold i baren (med 20 års aldergrense) for å nyte utsikten, tok vi heisen opp og ned mellom ulike etasjer for å ta bilder av dei andre... Jaja.

Så tok vi heisen opp att, for så å gå ned 20 etasjer med trapper. Fantastisk. Du veit, på folkehøgskule må du stå for moroa sjøl.


Er det ikkje påfallande at heisane bare skal vere for mannfolk?

Vårens første grillings


Endeleg er våren komen til Solborg! Sola skin, snøklokkene spirer, og pusekattene er begynt å komme på trea (eller lussekattene som veslesøstra seier).
Og vi har grilla ute for første gang i år. Det var digg! Sola varmet litt, så nokon fann ein gassgrill og kjøpte hot dog. Eg blei med og spanderte ketchup. Kjempekoslig :)

Eg gler meg til å gå rundt Mosvatnet ved skulen, når det begynner å bli frodig igjen...

Neste veke er eg i Thailand med klassen. Det blir ein vanvittig opplevelse. Tenker å legge ut reiseskildring og bilder undervegs.