fredag 29. februar 2008

Er du en Skyper?

Eksamen er over, livet kjennes rart, og eg er på Skype. 
Har du Skype? Då er det fint om du seier i frå, så kan vi ringast gratis :) 

Eksamen gjekk ålreit, for dei som lurer. Sleit litt på deloppgaven som tel 1/3 av karakteren, og må bestås skal eg få ståkarakter. 
Eg håpar eg stod, for eg pleier å tenke at det er verre enn det er... Men det hjelper ikkje dersom eg bomma på oppgaven. Jaja. Har no gjort så godt som eg orka. No er det helg! 

onsdag 27. februar 2008

Uti vår hage...

... er våren komen!  Yes! Jaddah! Deilig! 
Bare så uendeleg kjipt at eg må sitte inne og lese på eksamen - som er på fredag. 
Det skal no gå så bra så. Håper på jaffal ein C. 

I går leverte eg semesterprosjekt 1 - tv-reportasje. Det var fantastisk å vere ferdig med den. Men no er det rett på semesterprosjekt 2 - radio-reportasje, og hjernen er utan idear. 
Nokon som har tips om saker eg kan lage? Målgruppa er Kristiansands innbyggere, og saka må vere litt tidlaus, slik at den kan sendes i mai. 

søndag 24. februar 2008

Der spirer gror

Var heime denne veka, og det var deilig... Skjønt eg måtte bruke ein del tid på å lese til eksamen og jobbe med semesterprosjekt (yeah right! gjekk ein del i nettsurfing...) 

Her er mobilbilder frå ein tur vi gjekk hin dagen. Bilder tatt på Vik, for dere som veit kor det er. (prøvd å fikse litt på bilda i iPhoto)
Det spirer og gror i Øygarden, og truleg på resten av kysten og. Våren er her kvart øyeblikk... Deilig!
Gler meg til blomster, fuglekvitter, sol... blir generelt lettare til sinns. 

Har nett vore gjennom den verste vinteren hittil i livet. Håper på ein ny vår. Life goes on.

Meg, min fantastiske pappa og min kule broder! Tenk at Even har vokst meg over hodet, musklene veks, og han er umuleg å vinne over i lekeslossing. 
*Snufs* Det var jaffal gøy så lenge det varte ;) 

laurdag 16. februar 2008

Kampen om Agder - semifinale-konsert


Var på konsert på Østsia - studentpuben i Agder - på fredag, og oppdaga nye navn. Tom Hugo (bildet) sin musikk er fin! Gå på tomhugo.com og lytt folkens :) Stemmen minner ein smule om Sondre Lerche, og eg må sei eg likar musikken hans og. Ønsker meg cd-er...
Dårlig mobilbilde, så eg tar med det under og:)  

Dette er Figur Flint, trur eg. Band nummer fire som spelte på semifinale-konserten. Banda kjempa om plass i finalen, der dei kan vinne spelejobb på Quartfestivalen. 
Figur Flint var flinke dei og, men ein heilt annan og litt useriøs stil. Vokalisten tok litt av, og hadde og glitter i lomma, som han kasta opp i veret støtt :) Underhaldande og morsom jaffal.  
Takk til Marita som dro meg med. 

måndag 11. februar 2008

Stavanger i helga

Då er eitårstreffet for eks-elever på Solborg Folkehøgskule i Stavanger overstått.
Det var kjekt å helse på folk att, men det var så mange å helse på at det blei nesten bare med det.
Vi såg filmer vi laga i fjor, årets oppsetjing av Les Miserable, som for øvrig var ålreit, og lørdag kveld var vi ute på by'n heile gjengen.

Tidligere på lørdagen var eg på kafe med Cecilie (bildet), ei veninne frå Bergen. Gjekk mellom anna 3. klasse vgs i lag. Koslig å møtes:)


Søndagen hang eg på Solborg, sa hadet til folk, og hang med ein kompis i sentrum, før eg tok toget til Kristiansand.
Travel helg, kjenner eg er sliten. Eg er litt stressa, burde ha komen mykje lengre med semesterprosjekt og eksamenslesing enn eg er no... Arrrgh!!

onsdag 6. februar 2008

Sky is the limit

Solnedgangen i Øygarden i dag. 

Alt er storstilt hos Gud 

Høg er Guds herlege himmel, 

krystallblank og rein og blå. 

Med sol over kvite skyer 

hugtakande er han å sjå. 

Kringom vår jord han seg bøyer, 

er stjernestrødd ut mot natt, 

igjen utmot morgonen blånar. 

Då Helios – soli – kjem att. 

Storstilt er alt hos vår Skapar. 

Og underfull verdi han ser. 

Størst er den evige Konge. 

Du æveleg høglova ver!


Trygve Bjerkrheim



måndag 4. februar 2008

Frøken og frue på by´n


Karina 21 år! Gratulerer igjen :) 
Dagen blei feira (nokre dagar seinare) med ein heilaften på Peppes Pizza og teaterbesøk - "Julie og Romeo" på Agder Teater. 

Eg fann ut at det var på tide vi gjorde noko meir kulturelt... 
Vi er vaksne, ho er gift, og teater er bra. Nemleg.