tysdag 2. februar 2010
Eg har flytta til bloggbyen
Så heretter tenker eg å oppdatere på http://silje.bloggbyen.com/ . Snakkast!
måndag 1. februar 2010
Prosjekt med IK Start
Andre veka i januar hadde vi eit multimedieprosjekt i samarbeid med IK Start. Vi fekk låne to spelarar per gruppe for å lage noke artig rundt dei. Vi hadde f.v. Espen Børufsen og Christer Kleiven.
Her er to av videoane vi laga:
Kleiven vs Børufsen i Duellen.
Enjoy :)
Tina skal gifte seg!
-17 grader i dag tidleg!
Det er frykteleg kaldt, jaffal for ein langt-uti-havet-vestlending som meg. No er det heldigvis bare -8, no kl. 12.30, men stova har bare 10 grader. Vonar sola varmar i løpet av dagen. (Bildet er frå Sotra, 8. januar.)
Det er ikkje ofte vinteren heldt seg så godt langs kysten som i år. Eg er rett og slett imponert over kor uthaldande kulda og snøen er.
Dermed har det bore ut på alt skitur med Karina til grilltur (over) med Hanna og Ingvild. Vi gjekk i heile ti minutt frå husa våre, til vi kom til ei grue under ein gapahuk i Hundremeterskogen (jada, det heiter det!). Skogen ligg på Lund, mellom Bispegra, Kongsgård og Vige. Vi var stolt over å faktisk få til eit bål som brant lenge og vel :)
Her frå snøleiking på søndag. F.v. Maren og sambuarar Janne og Hanna. Masse nysnø og glede.
Abonner på:
Innlegg (Atom)