måndag 7. januar 2008

Ope brev til deg som kjenner nokon som sørgjer:


Slutt å spørre ”korleis har du det/ har du det bra?”
Ka du tru? Når alle stiller det spørsmålet blir ein fort litt lei.

Ver litt normal. Ein er framleis seg sjølv. Treng bare litt ekstra omsorg og omtanke, av og til. Og nokre pausar.

Om du ikkje har mista nokon sjølv, har du liten aning om kor stor smerta er.
Kom for all del ikkje og legg dine byrder på dei sørgjande òg, for å vise at du forstår korleis dei har det.
Men slutt no ikkje å ta kontakt. Og still gjerne andre spørsmål. Sørgjande treng å snakke om ting. Men ikkje alltid.

Klemmer trengs det derimot meir av. Blikk som viser at ein forstår situasjonen. Små oppmuntringar som viser at du tenker på dei.

Sjå dessutan lenkene:
http://www.scandinavianstar.no/helse/sorg_og_omsorg.htm     
http://www.lovehurts.no/hvordan_kan_jeg_hjelpe_andre.htm    

Ingen kommentarer: