onsdag 16. april 2008

Filmstatist - min nye tradisjon?


Denne helga vart det ikkje så mykje ekteskapsmarsj på meg likevel. Eg blei heller med på filminnspeling. Eg var ein av over hundre statister til filmen Yohan, som vert spelt inn på Sørlandet. (sjekk ut yohan.no) Filmen er om barnevandringane på slutten av 1800-talet. 
Det var mykje venting og kostymeprøving, og heller lite filming for mitt vedkomande, men eg tykte det var ei interessant og spennande oppleving likevel. Er med på tre scener, oversiktsbilder. Sjå etter eit turkis-grønt forkle, når filmen kjem ut høsten 2009 ;) 
Eg møtte til og med eit par folk eg kjende i crewet, og det var koslig. Her er meg og Elisabet H. 
Eg fekk og ein liten prat med Morten Abel, som spanderte tyggis på meg. Han spelte ein birolle som lærar. Har knapt hørt musikken hans, men han virka som ein sympatisk fyr. 
Ellers var Kamilla og tyven, fra filmen med samme navn, blant hovudrolleinnehavarane. 

Det kan nesten bli ein tradisjon dette her, å spele filmstatist ein gong i året. I fjor var eg blant dei mange statistane på ein konsertscene i "Mannen som elsket Yngve". Stikkord er i år som i fjor: venting, venting, kostymeprøve, og atter venting. Og nokre nye erfaringar om profesjonell filminnspilling. 

Men no: eksamenslesing!

Ingen kommentarer: