laurdag 31. januar 2009
Vinter på Sørlandet
Konsert med Tommy Tokyo
Og sida det er langt mellom gratiskonsertane (så vidt eg veit jaffal), så måtte vi jo nesten kome oss av garde.
Vel ein god time etter at konserten skulle ha begynt, kom endeleg bandet opp på scenen. Eg hadde plass heilt framme, der eg forventa å ha god utsikt, men så hadde Tommy sjølvsagt satt opp ein ropert på eit stativ i augehøgde, mellom meg og han. Så store delar av tida var anledet hans rett og slett gøymt bak roperten, med mindre han ikkje song, eller snakka inn i roperten. Jaja.
Musikken var... sær. Eg aner ikkje korleis eg skal karakterisere musikken hans. Eg er ingen musikkjournalist. Men det var originalt og artig. Gjer opp di eiga meining på http://www.myspace.com/tommytokyo.
Hybelretten 2
Ta ei skive, gjerne ei rista grovbrødskive, smør på til dømes pesto, urtekremost eller smør.
Så kjem eit lag med salatblad, før du slenger på ein god ost og eit kjøttpålegg, som fårepølse eller krydderskinke.
Deretter legger du på tomat, agurk, sukkererter, vårløk eller kva som måtte falle i smak.
Til slutt topper du med gode krydderier, som pizzakrydder, oregano, kvitløk, gressløk, persille, pinjekjerner, etc.
Og dermed har du ein veldig god lunsj :)
søndag 4. januar 2009
Nye ski i 2009
Då er det studiestart att imorgon. Var deilig å kome tilbake til kollektivet, der dei andre hadde ommøblert stova. Så kjekt med litt forandring!
Abonner på:
Innlegg (Atom)