laurdag 31. januar 2009

Vinter på Sørlandet

Fantastisk å endeleg sjå masse snø på ein gong! Kristiansand er på mange måtar kald, men har på ingen måte jevnt med snø om vinteren. Dei to førre åra har det gjerne kome ein halvmeter med snø på ei natt, som så forsvinn etter to veker. (Noko som forøvrig ikkje har skjedd så langt i år.) Litt greit å ha variasjon, men det kunne godt vore meir snø her. 

Så hin helgen dro eg litt lenger inn i landet, til mine kjære slektningar utanfor Lyngdal. Og der dei bur, var det jammen meg santen snø! Og kram snø til og med. Eg og mi kjære kusine Cecilie  (under) koste livet av oss. 
Også laga me ein snømann. Nokon som kan sjå kva den skal forestille? 



4 kommentarer:

frøken Silje sa...

i dag snødde det faktisk i krisitansand og blei liggande!! heilt fantastisk..

Anonym sa...

Så deg i kristiansands avis i dag:)

Anonym sa...

Konge!! Mumitrollet?? :D

frøken Silje sa...

joda, eg var i avisa ja :)

klikk paa linken og bla til side 12:
http://project.vbook.no/project.asp?version_id=391#zp12

mummitrollet ja :) takk agnete og patrick for litt interaktivitet her! seint, men kjaerkomment :)