måndag 30. april 2007

Two weeks left...


Då er snart tida mi i Stavanger ute. Om to veker er eg heime i Bergen att, utan mål og meining... Har ikkje fått nokon jobb i mai-juni enno.

Det er fantastiske dagar på Solborg no, sola har bestemt seg for å leike sommar, og trea på skulen står i full blomst. I helga leikte vi boksen går om kvelden, og etterpå overnatta vi i Borgny kafé. Vi koste oss og såg på filmar til langt på natt.
Søndag sykla eg og Marianne S ein tur rundt Stokkavatnet, og dyppa føtene i det kalde vatnet mens vi åt cherrytomatar. Herlig!


Eg og Marianne har hatt som mål å trene kvar søndag i år, noko vi har greidd sånn delvis. Det er sinnsykt deilig å suse avgårde på sykkelen, i den grad kondisen og dei tusen turgåarane tillater det. Vi tok og ein tur til Hafrsfjord.

Forrige helg arrangerte media og rampelys-linjene Solborg Grand Prix. Det var masse arbeid, men det blei sinnsjukt kjekt. Mange gode innslag!

Ellers vurderer eg sterkt å dra til Kristiansand og Mediehøgskulen til hausten. Men alt kan skje, så det er ikkje sikkert før i juli...

Ingen kommentarer: