
Eg skal innrømme det; eg grein i dag. Men ikkje før på fellessamlinga på slutten av skuledagen, midt under talen til rektor, av alle ting... Og då eg skulle klemme gode venner for siste gang, knakk eg heilt. Kjem til å savne dåke alle!
Solborg folkehøgskule har vore veldig bra for meg, spesielt sosialt sett. Trong verkeleg eit år fri for karakterstress og dagleg pendling. Eg har fått bli kjend med mange bra folk, blitt utfordra på mange måtar, og utvida perspektivet mitt. Er begynt å bli litt klar for å studere. Like greit, for eg har ikkje kjent "kallet" til så mykje anna.
Alle som fortsatt er i Stavanger: vi snakkes plutselig!
1 kommentar:
Nei og nei, no byrja eg verkeleg å kvi me til vår eiga avslutning! Med hadde avslutningskonsert i går, for foreldre og sånn. No har me to dagar igjen før me alle skal reisa frå kvarandre... :(
Jaja, me overlever vel på eit vis, og har no avtalt å møta mange igjen. Og så er det jo gjenforening til hausten :)
Legg inn en kommentar