torsdag 28. juni 2007

I soendagsskolelandet...

Daa er vi i Israel for lengst... Soendag flaug me fraa Stavanger til Tel Aviv, med mellomlanding i Frankfurt. Dei tre foerste dagane budde me i Natanya, der me slappa av, avklimatierte oss og koste oss paa stranda ved Middelhavet.

Onsdag vart foerste sightseeingdag, med alt det innebaerer av koeyring, svetting og severdigheter. Foerst var me innom Caesarea (bildet), byen der apostelen Peter vitja heidningen Kornelius, der Paulus var fange, og Herodes den store realiserte visjonen sin om ein stor og flott by med havn. No ligg sjølvsagt bare ruinene attende, men det var interessant aa sjaa og forestille seg korleis byen ein gong var.


Karmelfjellet var ei vanvittig oppleving. Vi stod paa toppen og las teksten om Elias som vann over Baals profeter, og eg vart heilt roert. Skikkelig sterkt at eg var der Gud for fleire aartusen sidan gjorde mektige ting. Aa vite at dalen med saag utover, harmageddonsletta, ein dag skal vere aastad for den siste krig mellom Israel og verda, gav meg gaasehud.

Deretter bar det til Nasaret, der vi vitja Bebudelseskirken, der Maria visstnok skal ha hatt besoek av engelen Gabriel. Kvifor dei bygger kirker for slike ting fatter ikkje eg, men det er no og ein maate aa bevare slike stader paa.
Saa var vi innom Nazareth Village, der kristne arabarar hadde laga til slik det var paa Jesu tid, med hus og statistar. Stilig. T.h. Louise, søstra mi.

Tilslutt enda vi opp i ein kibbutz soer for Genesaretsjoen, der vi skla bu i fire netter. Her var det sinnsjukt varmt! I Natanya dempa brisen for Middelhavet varmen, men her, langt inne i landet og nokre hundremeter under havet, stod lufta heilt stilt.

1 kommentar:

Hanna S sa...

Hei! Høyres ut som de har det fint der nede :) Vert nesten litt misunneleg..;p Men du får kosa deg, og håpar du hadde ein fin bursdag i går! Hels til dei andre, gler meg til å lesa neste blogginnlegg! Klem