fredag 27. juli 2007

På den harde måten


Innleggene fra Israelsturen ble aldri fullført... Jaja. Skal jo lissom ha tid og overskudd til det. Foretrekker å bare legge bilder på Facebook.

Eg er i mi tredje veke som omreisende journalist for Dagen. Er i skrivende stund på UL i Haugesund. Var i Telemark og Grimstad dei to vekene som gjekk.
Egentleg hadde eg bestemt meg for å ikkje ta denne jobben, då jeg var utslitt etter samme jobb i fjor. Men trur du ikkje eg tok han likevel. Det frista liksom ikkje å gå til ein vaskejobb om sommeren, etter en topp med journalistjobb i fjor...

Å være klin åleine omreisende journalist er ikkje noko å anbefale for deg som hater stress, mac og lange reiser. Det er heller ikkje noko for folk som hater å ha daglege stunder av einsemd, eller dei som hatar å få kontakt med nye mennesker, sjølv når du ikkje vil.

Eg er privilegert som får ha ein slik jobb, reise fra det eine kristne stevnet til det neste, for å skrive om og fotografere alt som kan krype og gå av leirfolk. Eg får møte mange nye mennesker og samanhengar, som eg ikkje ante fanst ein gong. Erfaringa er at Jesus er alle stader, og at det er vanvittig mykje frivillige folk som gjer mykje bra.
UL t.d., viser seg å vere eit fantastisk arrangement for unge 16+. Eg er imponert over storleik og profesjonalitet på stevnet. Og ungdommen trivst.

Når eg har fri, har eg lært meg å slappe av på same stevnet eg har jobba på. I samtaler med nye folk, kjem vi alltid inn på kvifor eg er der.. og eg svarer som sant er, eg er journalist. Første muntre reaksjon i 90% av tilfella: "åh, då må vi passe oss for det vi seier". kven gidd å være på jobb 24/7?

Deadline er eit enormt stressmoment, når eg har dårlig tid på meg. Men du verda så deilig det er å vere ferdig med dagens produksjon. Og det er fortsatt eit kick å sjå navnet mitt på trykk i avisa, saman med tekst og bilder.
Eg krympar meg litt når eg finn feil, eller tenker at "dette kunne eg gjort betre". Men kva så? Etterpåklokskap kan ødelegge motet. Men til alle de som kan skrive: PLEASE GJE MEG LITT KONSTRUKTIV RESPONS!! savner det sårt...

Eg disponerer bil fra Dagen. Eg vil ikkje utlevere detaljer, men eg har funne ut at eg likar meg betre på breie motorvegar enn på trange parkeringsplassar...

I fjor lærte eg journalistikk på den harde måten. Eg lærer stadig. Men eg gler meg til å studere faget, og lære litt meir, og setje erfaringen i system.

Ingen kommentarer: