torsdag 8. mai 2008

Nok ein praksisperiode på skulen...


Men no er det alvor! I heile mai skal vi sende på Gimlekollen Radio (lokalradioen) og ha frokostsendinger på TV Norges nett i Kristiansand. Då skal vi til studioet til Fædrelandsvennen TV og kose oss :) Kontrollrommet deira var forresten ikkje noko særlig større enn det eg har sett hos Levende Ord TV og  TV-utdanninga på UiS. Men dei er vel under utvikling. 

Denne veka har eg jobba med radio. I dag og i morgon er eg programleiar på Aktuelt-sendinga på Gimlkollen Radio kl 16.00. Vi har og sending på www.sornett.no kl. 15.00 og 16.00. 

Neste veke skal eg vere vaktsjef for nyhetssendinga på skulen, og seinare radio igjen. Oppdatering kjem :) 

Kjekt om du skriv ein tilbakemelding her dersom du tek deg bryet med å høyre på. 
Og likar du ikkje nynorsken min her, kan du glede deg over at eg snakkar mest bokmål på lufta... 

Neste helg blir det tur med tre venninner til Oslo!! Det blir ein uforglemmeleg 17. mai, med konge, slott, is, venner, kaos og teaterbesøk med "Singing in the rain" :) 

Ingen kommentarer: