Ja, då har det legendariske skjedd: eg har blitt eit par langrennsski rikare. Takk pappa! Vi testa dei ut dei to første dagane i året. Vi var med ei tante og familien på hytta dei leigar på Kvamsskogen utanfor Bergen. Takk for turen!
Då er det studiestart att imorgon. Var deilig å kome tilbake til kollektivet, der dei andre hadde ommøblert stova. Så kjekt med litt forandring!
Stril med utvatna dialekt.
Held på med bachelor i journalistikk i Kristiansand. Førre skuleår tok eg årsstudium i engelsk, som tredje året i bachelorgraden, og går no 2. år på journalistikk.
Silje = å vandre med Gud. Liker å finne ut av livet og trua på min måte.
At Gud ber meg er det viktigaste no for tida...
1 kommentar:
Hehe, dette likna på eit bilete frå begynnelsen av 1900 talet av ein eller anna grunn.
Men du, så kult at du bloggar. No må du sjekke ut min og=)
Legg inn en kommentar