Den siste veka gjekk utruleg fort. No sit eg på ei hytte i Stavern og kviler ut saman med dei tre jentene eg dro fram og tilbake til York med.
Mandag blei vi fotografert i vakre viktorianske kostymer. "Studioet" er i ei eldgammel gate i York som heiter Shambles. Det er forresten ei "must"-gate om du skal vitje denne byen. Her ligg ein butikk med heimelaga sjokolade, bokbutikkar, suvenirsjapper, pubar og tehus eg aldri rakk å besøke, koslege småbutikkar med alle slags artige ting i... Og Yorks visstnok beste ghost-walk startar i den eine enden. Men Titus hadde nokre rare nykker han og, sjølvsagt. Det var strenge reglar for alt mogleg, og i badehusene kosta det pengar. Men absolutt eit døme på korleis kapitalisme kan brukast til å betre kåra for andre, og ikkje bare til å kare til seg mest mogleg. Rett og slett eit lys i mørket den industrielle revolusjonen la ned over vanlege mennesker. Då vi vitja fabrikken hans, var den (jaffal delen vi var inne i) omgjort til kunstmuseum og bokbutikk. Og like utanfor var det ein pub som heitte "Don't tell Titus"... Litt humor har dei jaffal, britane.
Om kvelden fekk fem av oss komme på tebesøk til ei eldre britisk kvinne i heimen hennar. Det var kosleg å få sjå innsida av eit av dei mange murhusa vi har studert dei siste vekene. Ho budde der med to hundar, og hadde visst hatt besøk av norske studentar fleire gongar. Vi fekk god yorkshire-te, rundstykker, og to deilige kaker ho hadde bakt. Etterpå viste ho oss bilder faren hennar hadde malt, og eit album han hadde laga etter ein tur i Noreg. Kjekt å møte nokre lokale og.

Det finaste tehuset i York, eller teashop som det heiter i England, var visstnok Bettys. Eg og Maren rakk ein times teslurping der før vi skulle på middag med heile reisefølget på puben Kennedys. Eg føler at te generelt er ein smule oppskrytt. Yorkshire-teen er ålreit, til og med med litt melk oppi. Den teen eg fekk på Bettys var og grei, men med lite smak. No er det kanskje slik at grønne teer smaker mindre, men for min del kunne dei godt å smakt litt meir, helst uten hjelp av enorme sukkerbiter. Jaja.
Vi fekk utruleg nok tak i ein politimann med kul hatt, og då måtte vi nesten ta bilde...
Siste dagen, fredag, tilbrakte vi på reisefot.
Vi måtte ut av rommene våre kl. 09.00, og hang på togstasjonen til toget gjekk 12.53. Eg og Maren tok ein tur på bymuren imens, sprang og hoppa i vårsola. Det var fantastisk artig. Må oppleves! :) Så var det nokre timar på Stansted flyplass utafor London til flyet gjekk ca kl 19.00. Eg hadde tenkt å handle sjokolade på tax-free, men det var rett og slett ikkje interessant. Eg har ete så mykje sjokolade denne veka, at no var eg nesten litt lei. Men eg savner ein sjokolade fra Hotel Chocolate (dyrtdyrt!), det var kirsebær blanda med kvit sjokolade, miksa med brun sjokolade... Det var den beste eg har smakt!
Så no eg er altså tilbake att til studier og greier. Motivasjonen er ikkje heilt på topp, men det skal no uansett bli greit å kome tilbake til normalen. Gler meg vanvittig mykje til våren!
Så no eg er altså tilbake att til studier og greier. Motivasjonen er ikkje heilt på topp, men det skal no uansett bli greit å kome tilbake til normalen. Gler meg vanvittig mykje til våren!