måndag 2. mars 2009

Britiske studier i praksis

Då har eg vore i York i over ei veke. Det er kjekt å oppleve den britiske kulturen, og eg er nesten blitt van med å sjå til høgre først når eg skal over bilvegen. Det å sei "thank you" og "sorry" er også blitt meir naturleg, men det er enno ikkje heilt greit å vite om ein bør sei "thank you", "cheers", "you're welcome" eller noko anna når ein skal sei "værsågod".
York er ein nydeleg by med ein god del gamle bygningar. I førre blogginnlegg var eg ein smule smålei all mursteinen, men no er det meir sjarmerande. Byen er mest kjend for York Minster, den største gotiske katedralen i Nord-Europa. Ta ein virtuell tur her.
Kvar kveld er en Evensong, dvs ein mini-gudsteneste med eit lite gutekor. Eg var der hin dagen, og det var utruleg vakkert. Katedralen er enorm. Då eg skulle opp i tårnet, var det så vidt eg rakk den siste turen den kvelden, så eg sprang opp dei første av dei 275 trappetrinna for å ta att resten av gruppa. Då eg fann ut at turen bestod av stort sett trappetrinn, tok eg det meir med ro... Det var ein fantastisk utsikt over byen. Må oppleves!
Då eg dro frå det blide sørland i slutten av februar var det snø over alt. Her i England er derimot våren godt i gong. Snøklokker (white drops) og påskeliljer veks om ein annan og det hoppar kaninar overalt. Det er ikkje sommartemperatur enno, men bles litt surt, unntatt når sola kikar fram frå skydekket innimellom.
So langt har eg
- kjørt dobbeltdekkere (toetasjers buss)
- kost meg i små og store butikkar med alle slags dingsar i.
- besøkt ein pinsemenighet og ein statskyrkjelyd. (søndag igår) Begge var levande og det var givande å besøke dei.
- shoppa; klede, snop, bøker, cder, ein bruktfilm (Star Trek Generation :) ), signeringslakk,
- gått på kino: The Curious Case of Benjamin Button. Trist, men gripende. Det kjekkeste var den halve timen med reklame først. Skikkeleg underhaldning! Norsk kinoreklame har mykje å lære i den gården!- brukt ein god del penger...
- sendt nokre kort til familie og vener. Håper dei har komt fram.
- blitt fotografert i viktoriansk kjole, saman med klassekameratar. dyrt, men kjekt å ha. (se under)
- bodd på ein bokbutikk i to timar. kosleg! eg endte opp med å kjøpe eit notehefte for jazz og læring i improvisering. Gler meg til å spele piano att!


Gode sider med England:
-god sjokolade :)
- den enorme høfligheten.
-sjarmerende bygninger
-levende menigheter
- cookie dough! namnam.. men dyrt.
- mange kjolebutikker :)
- disney store!
-Fairtrade over alt. Eg trudde Norge lissom var flink til sånt, men vi heng laaangt etter England jaffal. Her er det eigne Fairtrade-butikker, Starbucks har FT-drikke, ein finn FT i alle slags butikkar, både supermarked og bokbutikkar.
- gamle telefonkiosker! og postkasse-tønner! fantastisk sjarmerende.
- intet motepress. Eg var redd for at eg låg langt bak i motebildet ift England, men har ikkje merka den store skilnaden. Studentane vi møter kler seg nett så slaskete som dei vil. Det er mykje same stilen som i Noreg, om det er nokon.

Rare sider med England:
- når ein skal vaske nevene er det ein spring for kaldt vatn og ein for varmt vatn. Kvifor ikkje bare ha ein, der ein også kan få lunka vatn!
- elendig kakao
- pubkultur. (vurderte å putte den på lista over, men det vart så mykje der :) ) her er det puben ein møtes på over ein kopp kaffe eller sterkare saker, for å snakke om livet. Etter gudstenesta gjekk dei kristne på pub for å henge litt. Vi har ete på pub nesten kvar dag. God og billeg mat. Ein har eit mykje meir naturleg forhold til alkohol, virker det som.)
- Nesten alle matrettar ein kjøper på pub inneheld erter og pommes frites. Kva med litt variasjon, hæh?

2 kommentarer:

Malene sa...

Det er skikkeleg kjekt å lese her. Eg blir såå gira på å reise til UK. Trur det er det landet eg likar best etter Norge her i Europa. Skjønt, eg har verken vore i alle landa i Europa og heller ikkje budd i andre enn Norge og UK.

Eg er nok dessutan svært påverka av Jane Austin filmane..hehe.

For å svare litt på det du skreiv. Du seier thanks, cheers og you`re welcome hips om haps. Det kjem nok an på kven du snakkar til, barn, eldre, unge..Ja, eg hugsar ikkje at eg ein gong tenkte over det. Cheers brukast i alle fall også når ein seier ha det. Eg trur eg brukte ein del: no problem..

Hehe, ja pub etter møte var ganske spesielt for ein pinsevenn og innprenta avholdsmenneske som meg. Oppdagar fort at alkohol var mykje meir akseptert der i landet.

Hm..det var ein ting til. Ja, kran for varmt og kaldt ja. Eg budde heldigvis hos ein familie som hadde normal kran;)

Merka du foressten ikkje kor omvendt alt er: Lys av er på og på er av, rulletrappene er som å køyre på feil side av vegen og dodørene går jo innover i staden for utover.

Dei har god sjokolade,ja, men ikkje noko salt godteri. Det sakna eg..

frøken Silje sa...

takk for svar :)

jo meir eg reiser utanlands og møter andres forhold til alkohol, jo meir ser eg at det handlar om kultur. men eg tykkjer framleis ikkje at det er så positivt å drikke heile tida. eg kan skjønne folk som tar eit glas i ny og ne, bare for kos, med cider feks. men bare å fylle innpå med alkohol for å fylle innpå, det er ein smule merkeleg.

eg merka godt at do-dørene gjekk innover. somme stader var det vanskeleg å kome inn på sjølve doen! men eg tenkte ikkje over at det var typisk britisk..