laurdag 7. mars 2009

Ei historisk veke i briteland

Den siste veka gjekk utruleg fort. No sit eg på ei hytte i Stavern og kviler ut saman med dei tre jentene eg dro fram og tilbake til York med.
Mandag blei vi fotografert i vakre viktorianske kostymer. "Studioet" er i ei eldgammel gate i York som heiter Shambles. Det er forresten ei "must"-gate om du skal vitje denne byen. Her ligg ein butikk med heimelaga sjokolade, bokbutikkar, suvenirsjapper, pubar og tehus eg aldri rakk å besøke, koslege småbutikkar med alle slags artige ting i... Og Yorks visstnok beste ghost-walk startar i den eine enden.
Onsdag besøkte vi Haworth, staden der forfattersøstrene Charlotte, Emily og Anna Brontë levde og skreiv sine berømte romanar "Jane Eyre", "Wuthering Hights" osv. Eg har ikkje lest bøkene, men sett film og tv-serie. Det var interessant å sjå ein heim frå 1800-talet, og omgjevnadene som visstnok ikkje hadde forandra seg så mykje sida den gong Brontë-søstrene gjekk der og steig. Faren var prest i kyrkja like ved. Mellom kyrkja og huset deira ligg ein mosegrodd, gammal kyrkjegard, der kråker skrik høgt. Jentene døde dessverre i ung alder, men sikra sitt ettermæle med å skrive romanane sine.
Deretter dro vi til Saltaire, ein by som vart bygd opp av Titus Salt på 1800-talet. Han satsa på alpakkaull, og designa ein by som innehaldt fabrikk (bildet over), kyrkje, badehus, sjukehus, skule, eldreheim og hus til arbeidarane. Husa vart installert med eit betre kloakksystem enn dåtidas standard, og det var fråvær av puber der alkohol kunne gje arbeidarane dårlege vanar. Det verka nesten som ein slags mønsterby.
Men Titus hadde nokre rare nykker han og, sjølvsagt. Det var strenge reglar for alt mogleg, og i badehusene kosta det pengar. Men absolutt eit døme på korleis kapitalisme kan brukast til å betre kåra for andre, og ikkje bare til å kare til seg mest mogleg. Rett og slett eit lys i mørket den industrielle revolusjonen la ned over vanlege mennesker. Då vi vitja fabrikken hans, var den (jaffal delen vi var inne i) omgjort til kunstmuseum og bokbutikk. Og like utanfor var det ein pub som heitte "Don't tell Titus"... Litt humor har dei jaffal, britane.

Om kvelden fekk fem av oss komme på tebesøk til ei eldre britisk kvinne i heimen hennar. Det var kosleg å få sjå innsida av eit av dei mange murhusa vi har studert dei siste vekene. Ho budde der med to hundar, og hadde visst hatt besøk av norske studentar fleire gongar. Vi fekk god yorkshire-te, rundstykker, og to deilige kaker ho hadde bakt. Etterpå viste ho oss bilder faren hennar hadde malt, og eit album han hadde laga etter ein tur i Noreg. Kjekt å møte nokre lokale og.
Torsdag tok vi turen på York Castle Museum. Det blei dessverre ikkje tid til Jorvik vikingmuseum; eg blei nesten litt lei av alt det gamle etter kvart... Særskild sidan eg var litt smådårleg. Jaffal, på Castle Museum kunne ein brukt mange timar på å studere gamle ting og tang, klede, vaskemaskinar, rustningar frå 1600-talet, moten på 70-talet, det gamle fengselet i kjellaren, utviklinga på hygienefeltet, leikety dei siste 50 åra, ei gate som var gjenskapt slik det var i viktorianske tider på 1800-talet...Det var også ein eigen utstilling om 60-talet, med Beatles, mote, ein fullt funksjonell jukeboks, ulike filmar osv. Verdt ein kikk om du tar turen til byen.

Det finaste tehuset i York, eller teashop som det heiter i England, var visstnok Bettys. Eg og Maren rakk ein times teslurping der før vi skulle på middag med heile reisefølget på puben Kennedys. Eg føler at te generelt er ein smule oppskrytt. Yorkshire-teen er ålreit, til og med med litt melk oppi. Den teen eg fekk på Bettys var og grei, men med lite smak. No er det kanskje slik at grønne teer smaker mindre, men for min del kunne dei godt å smakt litt meir, helst uten hjelp av enorme sukkerbiter. Jaja.

Vi fekk utruleg nok tak i ein politimann med kul hatt, og då måtte vi nesten ta bilde...

Siste dagen, fredag, tilbrakte vi på reisefot.
Vi måtte ut av rommene våre kl. 09.00, og hang på togstasjonen til toget gjekk 12.53. Eg og Maren tok ein tur på bymuren imens, sprang og hoppa i vårsola. Det var fantastisk artig. Må oppleves! :) Så var det nokre timar på Stansted flyplass utafor London til flyet gjekk ca kl 19.00. Eg hadde tenkt å handle sjokolade på tax-free, men det var rett og slett ikkje interessant. Eg har ete så mykje sjokolade denne veka, at no var eg nesten litt lei. Men eg savner ein sjokolade fra Hotel Chocolate (dyrtdyrt!), det var kirsebær blanda med kvit sjokolade, miksa med brun sjokolade... Det var den beste eg har smakt!

Så no eg er altså tilbake att til studier og greier. Motivasjonen er ikkje heilt på topp, men det skal no uansett bli greit å kome tilbake til normalen. Gler meg vanvittig mykje til våren!

4 kommentarer:

Malene sa...

Hehe, du skriv jammen mykje, men av ein eller anna grunn heng eg med heile vegen;)

PS: du har nokre gramatisk feil, men det skal eg sjå bort ifrå sidan du skriv på nynorsk!!=)

frøken Silje sa...

ja eg veit.. burde kanskje korte ned litt..

bare å rette grammatikk! det er bare bra :)

Malene sa...

..Som for eksmepel:bare, som heiter berre på nynorsk;P

Eg hugsar ikkje noko no på ståande fot, men dersom du les igjennom med nynorsk-auger, finn du sikkert feilen/ane sjølv;)

Malene sa...

For eksEmPel, meiner eg.

Langt eller kort, det spelar ingen rolle. Det handlar ikkje om lengden, men innhaldet;)