tysdag 2. juni 2009

Posteksamensoppdatering

Då var engelsk årsstudium gjennomført og overstått. Herlege sumar! Pinsehelga var fantastisk, med varme, sol, bading og besøk av nesten heile familien på hybelen. Eg fekk litt brunfarge! Jadda!
No har eg ferie heime eit par veker før eg skal tilbake til Kristiansand for å jobbe. I Bergen er det 10 grader mindre enn Kristiansand, så eg må sjå langt etter bading her, men skal nok kose meg med å møte vener og slekt istaden. Ferie trengs!


Siste månaden har vore travel, med lesing og pugging til eksamen. Det var første gong eg feira 17. mai her i Kristiansand, men det var no fint. Kjipt med drittveret, men greit. Elles var me glade for at Rybaken vann Grand Prix (eller Eurovision som resten av Europa kallar det)


Så har eg fått smake på ekte kinesisk mat då eg vitja ei kinesisk klassevenninne. Dette er altså ein ball av svinekjøtt pakka inn i noko tynn deig. Dette skal varmes og dyppes i soyasaus. Veldig godt! Det var berre litt uvant å ete kjøt åleine, utan nokon form for ris eller noko attåt. Det var berre å hive innpå med kjøt :) For første gong var eg deltakar i CHRISCH-løpet som var arrangert til inntekt for CHRISCH (internasjonalt KRIK) sitt arbeid i Afrika ein plass. Grunna beinhinnebetennelse vart det berre gåing på meg, men eg greidde 3 rundar og ca 550 kr. Takk til alle sponsorar! Særskild takk til Oddrun og pappa, som sponsa mest :) Biletet er frå oppvarminga. Rundene var nok litt lengre enn dette: ca 500m. Poenget var å løpa så mange rundar som mogleg på 20 minutt.

3 kommentarer:

Malene sa...

Hurra for oppdatering!!

Er du ferdig no altså? Trudde det var i begynnelsen av juni..

Bergen? Bur ikkje du på Øygarden,då?

GOD SOMMAR og velkommen etter;P

frøken Silje sa...

wehey :)

japp. ferdig 29. mai. blir spennande å få eksamensresultater..

bergen og øygarden har mykje d same været og same temperatur...


takk og i like måte!

Malene sa...

Resepsjonist, kor då? Håpar du trivast og at det blir ein knall sommar. Send gjerne mail til meg inni mellom med oppdateringar i livet. Kanskje spesielt når det går på det motsatte kjønn,hihi;p