onsdag 29. juli 2009

Enevald Flåten om Levende Ord-krisa

Eit tidlegare medlem av Levende Ord, Andreas Glandberger, har intervjua den tidlegare pastoren Enevald Flåten. Trykk her for å sjå videoopptak. Kjenner du ikkje til kyrkjelydskrisa som hende i 2006, fins fleire linkar under videoen på linken som forklarar saken.

Sjå også: - Jeg var i psykisk ubalanse. Artikkel frå vl.no

Då konflikten gjekk føre seg i Levende Ord i 2006 var eg russ. Som medlem av kyrkjelyden var det ei trist oppleving som kom samstundes med andre tøffe ting i livet. Eg fann aldri ut kva og kven som eigentleg var årsaka til det heile, og orka heller ikkje å ta stilling til kven som hadde rett.
Framleis veit eg ikkje heilt kva sanninga var, men det som er sikkert, er at alle partar har lidd. Og korleis Flåten hadde det, kjem godt fram i intervjuet over. Han ber óg om tilgjeving frå menneske som føler seg såra.

For min del opplevde eg eit djupt tillitsbrot til kyrkelyden eg hadde brukt ein god del tid og ressursar på. Men eg opplevde også at det gav nyttige erkjenningar:

For det første: Etter mi oppleving som tenåring var det ein ikkje uttalt haldning eller kultur i Levende Ord om at vi var betre enn andre kristne. Mellom anna fordi vi var så "frie", løfta hendene og hadde tungetale. Krisa fekk verkeleg opp auga mine på dette punktet.
Då eg fekk sommarvikariat i avisa Dagen (no DagenMagazinet) same sommar, reiste eg rundt til ei mengd ulike kristne samanhenger for å dekke stemnene deira. Opplevinga var at Gud var overalt, same kor karismatiske eller lutherske stemnene var.

For det andre: Leiingoppbygginga til "Trosbevegelsen" bør vurderast. Det kjem også Glandberger inn på i intervjuet over. Å gje så mykje makt i hendene til nokre få personar utan eit ope miljø for debatt og tilbakemelding, ber feil veg før eller sidan.

For det tredje: Menneske er menneske. Og menneske gjer feil. Sjølv om enkeltmenneske kan vere kanalar for Guds røyst på ein eller annan måte, kan dei også gjere feil i neste sekund. Eg veit om personar som har mista trua på Gud grunna Levende Ord-krisa, og hadde til tider mine djupe tvil eg og. Men eg har valt å ikkje la kva menneske finn på gå ut over Gudsbildet mitt. Skal Gud kunne lee på seg i denne verda må han nemleg bruke menneske, som er svake.

1 kommentar:

Malene sa...

Godt sagt min venn!