tysdag 21. juli 2009

Istid 3: ei kinooppleving

Då har eg endeleg fått med meg Istid 3 og til og med sett den i 3D, noko som er mi første 3D-oppleving. Filmen var fantastisk morosam, men eg kan skjøne diverse filmkritikarar som tykkjer det er mindre nytt innhald og meir action enn tidlegare. Dei fleste poenga har vore brukt før, og sidan eg har vore ivirig på å sjå alle trailarane på førehand, var det fleire gongar eg ikkje lo av eit stunt fordi eg allereie hadde sett det. 

Eit anna minus var all den intense knitrelyden av snope- og chipsposar, samt hyppige spådommar om handlinga frå ein guterøyst bak meg ein stad. Høg mannslatter forstyrra ein smule og. Og lyden var visstnok ikkje den beste.

Men det var for all det kjekt for det. Og å sjå fleire dimensjonar i eit bilde gav kjensla av å sjå dette utanfor stoveglaset. Det blei aldri slik at eg tenkte "no kjem det ut or skjermen", men det var interessant. 
 
Gjengen som blei med :) Miriam, Trygve, Solveig og Ruben. 

1 kommentar:

Malene sa...

Kan ein kun sjå Istid 3 i 3D?

Eg vil sjå den uansett, fordi som du seier er 3D i seg sjølv ei oppleving. Dessutan har alt med forventningar å gjere, så no veit eg at den ikkje nødvendigvis er så bra, dermed blir den kanskje betre;)