torsdag 22. mars 2007

Overnatta i bushen

Beklager at eg ikkje har faatt skrevet noko her paa ei stund, har vore litt uten pc og gjort mykje.

Forrige helg var vi i Phibun, oest-Thailand, der vi besoekte Immanuelhjemmet, et internat for fattig ungdom, slik at dei kan gaa paa skule. Vi blei delte i grupper paa tre og to, og overnatta hos ulike elever fraa internatet. Eg og Synnoeve besoekte ei jente som heitte Ging, som budde 1,5 timer med lokal 'aapen-lasteplan-buss' fraa Phibun. Mora henta oss opp paa ein moped ved hovudvegen og kjoerte oss inn i bushen.

Det var ein unik opplevelse. Vi aat frukt og middag det gjekk fluger paa, mens vi aat, det var frittgåande høns og bikkjer overalt, vi proevde aa kommunisere med thaiene, gikk amok med anti-bac og vaatservietter, og gjorde fra oss paa ein veldig etnisk staado... Men det var absolutt verdt det. Ging og familien var vanvittig gjestfrie, og gav oss det beste dei hadde. Vi fekk til og med vifta daa vi skulle sove. (Det var vi veldig glade for, ellers hadde vi daua av varmen... )

Uheldigvis la all landsbyens mygg sin elsk paa meg, saa eg fekk 30 myggstikk som hovna litt. No er dei heldigvis gaatt ned att, men nye er komen til.
Her sitter f.v. Synnøve, bestemora, to naboar og Ging, og et frukt.
Ging (t.h.) fekk ein volleyball av oss, og mora fekk to medbrakte laken som vi hadde over oss daa vi sov. Familien var veldig stille av seg, men hadde tilfeldigvis bygdas skravlekjerring til nabo (kvit t-skjorte). Det var heldig for oss, for uten ho hadde det vorte litt pinlig stilt til tider. Ho prata i veg om alt mogleg paa thai, og sidan vi ikkje skjoente baeret, svara vi bare 'tok-lung', som tyder 'ok'.

Den natta sov vi daarleg. For det foerste var det varmen, for det andre stod mora til Ging opp eit par gongar midt paa natta, fordi Ging var sjuk, og for det tredje var det mange lyder. Saerskilt tidleg om morgonen, for daa begynte hanen i huset aa gale. Og alle hanene rundt oss svarte, osv. I tillegg var det ein infernalsk lyd som vi ikkje greidde aa definere, som overdoevde hanene. Umulig aa sove! Daa fuglane endeleg gav seg, sovna vi som nokre steiner, og vakna ikkje foer mora vekte oss forsiktig, for aa seie at bussen nett var kjoert... Vi vakna ikkje skikkelig av at bussen stod utafor, med rusa motor og hoege 'falang falang'-rop over hoegtalaren!! (Falang = kvite, det alle seier daa dei ser oss) Men vi fekk no slengt oss paa moped etter bussen, som venta i hovudvegen, etter ein verre frukost med ris, omelett og blekksprut (nei, eg aat ikkje blekkspruten...)

Ingen kommentarer: