På studieturen til Afrika vitja vi mellom anna den etiopiske avisen Addis Neger. Sjå innlegg lenger nede på bloggen med bilde av redaktøren Mesfin Negash.
No har avisa sett seg nøydd til å legge ned driften, ifølgje avisa si eigen nettside. Grunnleggarane og redaktørane har rømt landet for å omgå eventuell straffeforfølging etter tiltalar som er reist mot dei. Avisa har over lengre tid slete med fiendtleg innstilling frå etiopiske myndigheiter, og ein svært innskrenka pressefridom har gjeve lite spelerom til å drive ei uavhengig avis.
Dette er svært trist, særleg sidan det snart er val i Etiopia og landet treng ei, så vidt eg forstår, intelligent og uavhengig, avis som kan stille kritiske spørsmål.
laurdag 26. desember 2009
måndag 21. desember 2009
Då er det jul igjen

Lurte på kva juletreet eigentleg har med jula å gjere... I følgje wikipedia:
"Det symboliserte livets tre i paradisets hage. I følge den bibelske fortelling i 1. Mos 3 ble adgangen til livets tre stengt pga. Adams fall, og mennesket ble vist ut av paradisets hage. Men gjennom frelserens fødsel, som den kristne jul feires som, er adgangen på nytt åpnet til livets tre."
"Hvorfor juletreet har blitt symbol på livets tre, er noe uklart. Men man antar at dette har skjedd gjennom framføring av de middelalderske mysteriespillene om Adams fall...
Siden livets tre forekommer i disse mysteriespillene, har noen sett symbolikken mellom Adams fall som stenger adgangen til livets tre og Kristi fødsel som åpner den. "
Hmm. Good to know, etter 22 år som kristen...
No er eg veldig klar for ferie med familie og venner, skjønt eg saknar Zanzibar litt...
Zanzibar life
Det er godt og kaldt og, som alle veit, masse snø! Rart å kome frå 35 varmegradar til under frysepunktet, særskild der eg bur. Ytterst sjeldan vi får snø i juletider.
Jaffal, øverst er bassenget på hotellet på Zanzibar. Nice eller? Når det var hgvatn i sjøen (det indiske hav, by the way!), var det ofte så varmt at det ikkje var veldig behageleg. Men bassenget var alltid deilig. Under er restauranten/baren/oppholdsrom, men sofaer i andre etasje.
Når ein skulle ha mat, måtte ein rekne med å måtte vente ti afrikanske minutt, eller 40-60 norske. Så vi vente oss til å bestille minst ein time i forvegen, til eit bestemt tidspunkt.
Ein del god mat, men førsteinntrykket av ein smaklaus pizza sit lenge i. Og ein kveld bestilte eg wrap med mango og kylling, fekk først med avocado og biff, så med kun mango :) Jaja. Den var god anyway.
torsdag 10. desember 2009
Endeleg litt livsnyting...
Vi hadde køyrd heile dagen frå Kisumu, ein 5-6 timars tur med lite mat, før vi heiv i oss ein rask lunsj og dro ut på safari (game drive) nummar ein. Magen min kom i sterk ubalanse av ufatteleg dårlege vegar dei ca siste 100km, og forblei slik den neste natta. Alt i systemet kom opp, og lite ville bli der. Fekk etterkvart medisinar av lege på lodgen, og blei gradvis betre.
Søndag, tirsdag og onsdag blei brukt tilbake på SMCC på å slappe av og kome seg att. Dei andre tok utflukter til shoppingsentre og ekskursjon til Camerapix, ein kameraproduksjonsbedrift. Godt å slappe av litt.
Helste på norsk unge som gjekk på TeFT, Tent For å Tjene, ein bibelskule i regi av NLM. Kosleg. Fekk og med meg nokre episodar av Blåfjell og Olsenbanden jr som dei og misjonærbarna såg på om kvelden :) Litt julestemning må til...
Siste kvelden var det avslutningsmiddag med tradisjonell kenyansk mat, i lag med tidlegare nemnte Joe Kadhi og den norske kona hans. Det vart eit par talar og utdeling av sertifikatar som bevis på vår deltaking på kurset. wow :)
Har verkeleg lært mykje om afrikansk og særleg kenyansk politikk og medieverd dei siste vekene. Unik oppleving!
Deretter drog vi altså vår kos til Zanzibar for å slappe av ei veke, men utan lærarar, så vi må greie oss sjølv. Vi kom hit til Coral Rock Hotel i landsbyen Jambiani på austkysten i går, og har brukt tida så langt på å bade, sole oss, partye og ligge pal i vamen. Luftfuktigheten her ved kysten er (bombe:) veldig høg i forhold til nairobi og addis abeba, så ein er konstant litt klam. Det gjer for så vidt ingen ting på stranda, og er bare deilig.
Det er fantastisk å bare ta livet heilt med ro no, og i dag kjente eg at det var veldig godt å vere her. Maten er litt variabel i smakskvalitet, men det fins nesten ingen mygg her, og det er fantastisk. Dei har visstnok spraya heile øya for å sleppe unna myggsvermene! Det er dog ein del maur i alle lengder og fargar og eit eller anna som bit meg på anklane om nettene, men det går fint. No gler vi oss til snorkling og svømming med delfiner på mandag! Det blir vel ein tur hovudstaden Stone Town og, for shopping og sightseeing. Snakes!
torsdag 3. desember 2009
Paa nett i bushen
Veldig bra!
Eg har sluppe sjukdom av noke slag saa langt, men har nett kome inn i malariaomraade, saa eg tygg Malarone kvar dag, som ein adventskalendar ;) Vonar eg slepp unna den sjukdomen og. Magen har klart seg veldig bra, men saa gaar eg jo og paa idoform, og et ikkje salatblad eller noke skummel mat. Maten vi har faatt saa langt har vore god og trygg, saerleg paa SMCC.
Saa lurte eg paa kor mange som egentleg foelgjer med paa denne bloggen? Hyggjeleg om du legg att ein kommentar, saa eg veit eg ikkje bare skriv for min eigen del... Har ikkje noko tellesystem her skjonar du.
Noko de lesarar lurar paa om turen, Kenya osv? Fyr laus :) Eg har nok ikkje fortalt halvparten...
Karibu!
tysdag 1. desember 2009
Snart på safari!
Når dagane i tillegg er lange med bare to pausar frå kl 9 til 16, vert vi godt trøytte undervegs.
Vi var forberedt på å møte eit forferdeleg syn i slummen, men det var liksom ikkje så gale som vi hadde trudd. Folk budde i skur av plankar, plastikk og bølgeblikk, tråkka rundt i drit, jord og boss, og hadde fint lite å leve for.
Men vi møtte bare smilande barn og godt kledde vaksne. Ingen vanskapte eller lemlesta tiggarar, slik vi møtte i hovudgata i Addis Abeba, Etiopia. Lukta vart heller aldri særleg galen der vi gjekk gjennom slummen, guida av folk frå Mathare Youth Sports Association.
Det gjekk litt fort, så vi fekk ikkje tatt innover oss alle inntrykka.
Vi vitja og bygningane til MYSA. Det er dei som sender fotballag til Norway Cup. Arbeidet dei driv er ufatteleg viktig for å skape håp og framtid for barna i slummen. Han eine fortalde at få i slummen har jobb, så difor dopar dei seg, for å sleppe å ta kvardagen innover seg. Og slik forblir det. Men organisasjonar som MYSA kan hjelpe unge til å ta ansvar for seg sjølv og miljøet rundt seg, og gjere det til ein betre stad. Vi i turgruppa bidro med to stipender slik at to barn får gå på skule det komande året.
I morgon brukar vi dagen på å køyre vestover i Kenya til ARC, eit prosjekt i Kisumu eller kva det heitte. Aner kje heilt kva dei driv med, men det er noko foregangsarbeid innen jordbruk trur eg. ARC er drive frå Kristiansand.
På torsdag drar vi vidare til Maasai Mara, der vi skal bu i stilige "telt" og dra på safari :)
Har forresten IKKJE dekning på mobilen, så ikkje prøv å få tak i meg før 17. november, då er eg tilbake i Bergen. Eg har kjøpt lokalt simkort til naudsfall, og om du absolutt vil ha det nummeret, kan du sende ein mail ;)
No må eg pakke til safarituren, samt sjå Løvenes Konge...
Abonner på:
Innlegg (Atom)