tysdag 1. desember 2009

Snart på safari!

Hei og hå. Då er aller siste dag med forelesingar overstått, og godt er det! Somme kenyanske forelesarar har ein tendens til å vere uengasjerande, ha powerpointer med all for mykje tekst og vanskelege ord, samt snakke afrikanske engelsk som ikkje akkurat er så veldig lett å skjøne.
Når dagane i tillegg er lange med bare to pausar frå kl 9 til 16, vert vi godt trøytte undervegs.

Helga gjekk med til besøk i Mathareslummen, Elephant Orphanage (over), bading, film og feiring av Kamilla sin bursdag med tilhøyrande dansing :)

Vi var forberedt på å møte eit forferdeleg syn i slummen, men det var liksom ikkje så gale som vi hadde trudd. Folk budde i skur av plankar, plastikk og bølgeblikk, tråkka rundt i drit, jord og boss, og hadde fint lite å leve for.
Men vi møtte bare smilande barn og godt kledde vaksne. Ingen vanskapte eller lemlesta tiggarar, slik vi møtte i hovudgata i Addis Abeba, Etiopia. Lukta vart heller aldri særleg galen der vi gjekk gjennom slummen, guida av folk frå Mathare Youth Sports Association.
Det gjekk litt fort, så vi fekk ikkje tatt innover oss alle inntrykka.

Vi vitja og bygningane til MYSA. Det er dei som sender fotballag til Norway Cup. Arbeidet dei driv er ufatteleg viktig for å skape håp og framtid for barna i slummen. Han eine fortalde at få i slummen har jobb, så difor dopar dei seg, for å sleppe å ta kvardagen innover seg. Og slik forblir det. Men organisasjonar som MYSA kan hjelpe unge til å ta ansvar for seg sjølv og miljøet rundt seg, og gjere det til ein betre stad. Vi i turgruppa bidro med to stipender slik at to barn får gå på skule det komande året.

I morgon brukar vi dagen på å køyre vestover i Kenya til ARC, eit prosjekt i Kisumu eller kva det heitte. Aner kje heilt kva dei driv med, men det er noko foregangsarbeid innen jordbruk trur eg. ARC er drive frå Kristiansand.

På torsdag drar vi vidare til Maasai Mara, der vi skal bu i stilige "telt" og dra på safari :)

Har forresten IKKJE dekning på mobilen, så ikkje prøv å få tak i meg før 17. november, då er eg tilbake i Bergen. Eg har kjøpt lokalt simkort til naudsfall, og om du absolutt vil ha det nummeret, kan du sende ein mail ;)

No må eg pakke til safarituren, samt sjå Løvenes Konge...

Ingen kommentarer: