torsdag 3. desember 2009

Paa nett i bushen

Heisann, no sit eg paa ARC-senteret som er over ein time med bil utanfor byen Kisumu i vestlige Kenya. Vi kom i gaar og her er i dag for aa sjaa kva dei driv med her: alt fraa klinikk til opplaering i data. Senteret er politisk og religioest uavhengig og drivast av kenyanarar. Maalet er redusere fattigdom og bidra til positive endringer i lokalsamfunnet. Dei driv med mikrofinans og faar stroemforsyning fraa solcellepaneler donert av norske bedrifter.
Veldig bra!Ellers har eg det bra, saknar familien og Noreg, dog ikkje klimaet... Det er sommer og sol her, og det kan jeg godt lige. Her i vest-Kenya er det litt varmare og klammare luft enn i Nairobi, og varmare skal det forhaapentlegvis verte paa Zanzibar.

Eg har sluppe sjukdom av noke slag saa langt, men har nett kome inn i malariaomraade, saa eg tygg Malarone kvar dag, som ein adventskalendar ;) Vonar eg slepp unna den sjukdomen og. Magen har klart seg veldig bra, men saa gaar eg jo og paa idoform, og et ikkje salatblad eller noke skummel mat. Maten vi har faatt saa langt har vore god og trygg, saerleg paa SMCC.

Saa lurte eg paa kor mange som egentleg foelgjer med paa denne bloggen? Hyggjeleg om du legg att ein kommentar, saa eg veit eg ikkje bare skriv for min eigen del... Har ikkje noko tellesystem her skjonar du.

Noko de lesarar lurar paa om turen, Kenya osv? Fyr laus :) Eg har nok ikkje fortalt halvparten...
Karibu!

2 kommentarer:

Anonym sa...

VI følger med! Onkel Å

Maren sa...

JAMBO! Eg følge med :)
Spanande !