måndag 21. desember 2009

Zanzibar life

Då er eg vel heime i Noreg for lengst.
Det er godt og kaldt og, som alle veit, masse snø! Rart å kome frå 35 varmegradar til under frysepunktet, særskild der eg bur. Ytterst sjeldan vi får snø i juletider.

Jaffal, øverst er bassenget på hotellet på Zanzibar. Nice eller? Når det var høgvatn i sjøen (det indiske hav, by the way!), var det ofte så varmt at det ikkje var veldig behageleg. Men bassenget var alltid deilig. Under er restauranten/baren/oppholdsrom, men sofaer i andre etasje. Det var eit hyggeleg hotell, men litt sært når kelnarane drakk og dansa med gjestane om kveldene... Kosleg for så vidt, men tvilsom stad å dra når du får ungar ;)
Når ein skulle ha mat, måtte ein rekne med å måtte vente ti afrikanske minutt, eller 40-60 norske. Så vi vente oss til å bestille minst ein time i forvegen, til eit bestemt tidspunkt.

Ein del god mat, men førsteinntrykket av ein smaklaus pizza sit lenge i. Og ein kveld bestilte eg wrap med mango og kylling, fekk først med avocado og biff, så med kun mango :) Jaja. Den var god anyway.
Ein ettermiddag dro vi til byen Stone Town på vestkysten. Vi fekk bare tid til ein times omvisning før vi måtte rekkje middag og solnedgang. Litt kjipt med så lite tid, men sånn blei det no. Fin og by med mange smug, så vi hadde med eit par guidar så vi ikkje skulle gå oss vekk.Her er nokre muslimske innbyggarar samla på ein open plass. Zanzibar er for det meste muslimsk, og menn med slike hodeplagg kunne observerast overalt.
Dagen etter dro vi på delfinsvømming med snorklar tidleg om morgonen. Det var fantastisk å sjå desse nydelege vesena svømme rett under seg! Kan du sjå finnene over vatnflata?Hotellet vårt ligg i landsbyen Jambiani på austkysten, og ein dag gjekk vi ein tur og såg på bylivet. Barna var veldig interesserte i å bli fotograferte.. Skjønne!

Ingen kommentarer: