torsdag 10. desember 2009

Endeleg litt livsnyting...

Då har eg komen meg tilbake frå safari og heilt til Zanzibar! Det er ei øy aust for Tanzania, som øya er i union eller noke med.

På første safaritur i Maasai Mara såg eg ein haug med løver med ungar, sebraer, gnuer, bøfler, sjiraffer og andre ting. Det var heilt fantastisk å oppleve dyra i sitt rette element, og ikkje bare bak eit gjerde. Dessverre kasta eg opp på turen, avdi eg vart veldig kvalm av all humpinga.

Vi hadde køyrd heile dagen frå Kisumu, ein 5-6 timars tur med lite mat, før vi heiv i oss ein rask lunsj og dro ut på safari (game drive) nummar ein. Magen min kom i sterk ubalanse av ufatteleg dårlege vegar dei ca siste 100km, og forblei slik den neste natta. Alt i systemet kom opp, og lite ville bli der. Fekk etterkvart medisinar av lege på lodgen, og blei gradvis betre.

Eg fekk kje med meg fleire game drives (av totalt fire), men fekk sjå ein skokk med elefantar på veg til flystripa då eg skulle tilbake til Nairobi på søndag. Og det var oppmuntrande etter eit par kjipe dagar på luksushotell i bushen eg ikkje fekk nyte så veldig. Ja, tok fly tilbake. Orka ikkje 8 timar i humpete buss tilbake. Det tok meg ei halv veke å fylle magen att, og då spelte rå gulrot ei sentral rolle.

Søndag, tirsdag og onsdag blei brukt tilbake på SMCC på å slappe av og kome seg att. Dei andre tok utflukter til shoppingsentre og ekskursjon til Camerapix, ein kameraproduksjonsbedrift. Godt å slappe av litt.

Helste på norsk unge som gjekk på TeFT, Tent For å Tjene, ein bibelskule i regi av NLM. Kosleg. Fekk og med meg nokre episodar av Blåfjell og Olsenbanden jr som dei og misjonærbarna såg på om kvelden :) Litt julestemning må til...

Siste kvelden var det avslutningsmiddag med tradisjonell kenyansk mat, i lag med tidlegare nemnte Joe Kadhi og den norske kona hans. Det vart eit par talar og utdeling av sertifikatar som bevis på vår deltaking på kurset. wow :)
Har verkeleg lært mykje om afrikansk og særleg kenyansk politikk og medieverd dei siste vekene. Unik oppleving!

Deretter drog vi altså vår kos til Zanzibar for å slappe av ei veke, men utan lærarar, så vi må greie oss sjølv. Vi kom hit til Coral Rock Hotel i landsbyen Jambiani på austkysten i går, og har brukt tida så langt på å bade, sole oss, partye og ligge pal i vamen. Luftfuktigheten her ved kysten er (bombe:) veldig høg i forhold til nairobi og addis abeba, så ein er konstant litt klam. Det gjer for så vidt ingen ting på stranda, og er bare deilig.

Det er fantastisk å bare ta livet heilt med ro no, og i dag kjente eg at det var veldig godt å vere her. Maten er litt variabel i smakskvalitet, men det fins nesten ingen mygg her, og det er fantastisk. Dei har visstnok spraya heile øya for å sleppe unna myggsvermene! Det er dog ein del maur i alle lengder og fargar og eit eller anna som bit meg på anklane om nettene, men det går fint. No gler vi oss til snorkling og svømming med delfiner på mandag! Det blir vel ein tur hovudstaden Stone Town og, for shopping og sightseeing. Snakes!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hey. Godt å høre at formen er blitt bedre. Det gleder meg. Forsett å kos dere snuppa også sees vi i Norge når du kjem tebage!

Klem fra Nairobi

Eirik DL sa...

Bilder, bilder, bilder!! :)