fredag 30. mars 2007

Eit døgn på reis

Då er eg endeleg heime att. Landa på Flesland etter vel 24 slitsomme timer på reisefot. Flyet frå Bangkok vart forsinka 3 timar, men vi rakk fint flyet frå Amsterdam, sidan vi hadde 5 timar å gå på. Eg fekk derimot meir nerver då Amsterdamflyet vart forsinka eit kvarter; flyet Stavanger-Bergen skulle gå ein time etter eg skulle ha landa. Men overgangen gjekk greit, innsjekk og avgang var forsinka i Stavanger også. På flyet til Bergen tok eg meg sjølv i å sei 'thank you' til ei norsk flyvertinne, er blitt så vant med å kommunisere på engelsk og eit sparsomt thai-vokabular. (Takk = kop khan kaa)

Det var skikkeleg kaldt å komme til Norge att, tørt klima og gjennomtrengende vind. Heldigvis varmer sola litt. Pappa henta meg på flyplassen og køyrde meg heim. På vegen stakk vi innom ein matvarebutikk. Eg vart med inn, noko eg kanskje ikkje skulle gjort; fekk litt kultursjokk over kor norsk og reinsleg det var der, pluss at eg var trøytt og sliten etter eit døgn på reis. Men det gjekk bra.

Heldt på med å innstille kroppen til norsk tid. Vakna kl 6 i dag tidleg, utkvilt, fordi klokka egentleg var 11 for meg.