fredag 27. november 2009

Artig veke i Nairobi

Onsdag var vi på vitjing i dei nye lokala til den uavhengige kenyanske avisa The Standard. Den er visstnok den største avisa i østafrika eller jaffal det største mediehuset, med både avis, nettavis og tv-stasjonen KTN. Vi var første gruppe som var på besøk i dei nye lokala litt utanfor byen, og tv-lokalene var ikkje på plass, men vi fekk omvisning i trykkjeriet deira. Det var digert! Første gong eg har vore inne i eit trykkeri, så eg har intet samanlikningsgrunnlag, men dei andre meinte det var større enn dei i Norge. Ikkje så rart, når Kenya har ein del fleire millionar innbyggjarar enn oss... Her er f.h. ansvarleg redaktør i dagsutgåva av The Standard Kipkoech A. Tanui, og Joe Kadhi, ein helt innan kenyansk journalistikk, som har laga forelesningsopplegget for oss. Han er med på dei fleste timane og bidreg med spørsmål, kunnskap og historiar frå hans glanstid.

Den tidlegare redaktøren av avisa The Daily Nation i tjue år er stolt over at han blei sparka frå stillinga si for å ha publisert ei historie som presidenten nekta han å setje på trykk. Ytrings- og trykkjefridom, samt etisk medvit er mellom fanesakene hans. Stor respekt for den mannen! Tanui er faktisk ein av hans tidlegare studentar.

Etterpå dro me på shopping i byen. Eg, Lisa og Candida (f.v. over) var innom eit "afrikansk marked" som nokon kalla det (som om me ikkje allereie er i Afrika...), der eg ville kjøpe nokre tresmykker. Dei var veldig ivrige etter å selje meg 6 stykker for 9000 kenyanske shilling (dvs ca kr 700). Det gjekk eg sjølvsagt ikkje med på. Det var truleg bare verdt max 1200 shilling til saman.
Eg haldt fast på det og prøvde å gå, men dei sperra utgongen for meg. Det vart veldig intens diskusjon med argument som "don't kill us" og "you are killing us with this price". Til slutt var vi nøydd til å gå pga turbussen venta på oss, men dei nekta å la oss gå. Endte opp på 1500 skilling, og det var greit for eg hadde jo lyst på smykka.

På kvelden vitja eg ein norsk misjonærfamilie som også bur på SMCC-området: Turid og Janesh Amenya med to gutar. Turid er frå same kommunen som meg, og eg har kjent dei sidan eg var liten, så det var artig å helse på.

Torsdag var det første undervisningsdag her vi bur på SMCC /Den norske skulen. Deilig å sleppe å stå opp så grytidleg for å køyre til hi sida av byen... Eg har dessverre blitt forkjøla og ekkel i kroppen, men det går vel over etterkvart.

Etter skulen fekk eg bada litt i bassenget på området. Det var første bading på Afrikaturen for min del. På kvelden skulle vi ut heile gjengen og ete på ein stad som heiter Carnivore (=kjøtetar), der dei serverte kjøtet direkte frå grillspyda på fatet ditt.
Vi fekk kalkun, lam, biff, svin, struts (?) og krokodille! Krokodillen var faktisk god. Min bit smakte litt stram kylling. I anledning måltidet fann Mailinn og Iselin ut at dei skulle flate håret mitt, noko som bare har skjedd ytterst sjeldan i mitt liv. Helene styla, og resultatet er her:

Ikkje gale, tykkjer eg :)
Fredag var det vanleg undervisning. Eg skippa halvparten, og vitja i staden ein islandsk misjonærfamilie. Den yngste sonen hadde nemleg kameleonar, som han fann i buskane rundt om på SMCC-området. Kjekt!

Ingen kommentarer: