Den tidlegare redaktøren av avisa The Daily Nation i tjue år er stolt over at han blei sparka frå stillinga si for å ha publisert ei historie som presidenten nekta han å setje på trykk. Ytrings- og trykkjefridom, samt etisk medvit er mellom fanesakene hans. Stor respekt for den mannen! Tanui er faktisk ein av hans tidlegare studentar.
Eg haldt fast på det og prøvde å gå, men dei sperra utgongen for meg. Det vart veldig intens diskusjon med argument som "don't kill us" og "you are killing us with this price". Til slutt var vi nøydd til å gå pga turbussen venta på oss, men dei nekta å la oss gå. Endte opp på 1500 skilling, og det var greit for eg hadde jo lyst på smykka.
På kvelden vitja eg ein norsk misjonærfamilie som også bur på SMCC-området: Turid og Janesh Amenya med to gutar. Turid er frå same kommunen som meg, og eg har kjent dei sidan eg var liten, så det var artig å helse på.
Etter skulen fekk eg bada litt i bassenget på området. Det var første bading på Afrikaturen for min del. På kvelden skulle vi ut heile gjengen og ete på ein stad som heiter Carnivore (=kjøtetar), der dei serverte kjøtet direkte frå grillspyda på fatet ditt.
Vi fekk kalkun, lam, biff, svin, struts (?) og krokodille! Krokodillen var faktisk god. Min bit smakte litt stram kylling. I anledning måltidet fann Mailinn og Iselin ut at dei skulle flate håret mitt, noko som bare har skjedd ytterst sjeldan i mitt liv. Helene styla, og resultatet er her:
Ikkje gale, tykkjer eg :)
Fredag var det vanleg undervisning. Eg skippa halvparten, og vitja i staden ein islandsk misjonærfamilie. Den yngste sonen hadde nemleg kameleonar, som han fann i buskane rundt om på SMCC-området. Kjekt!