søndag 22. november 2009

Sjiraffkyssing og kortskriving


Då er helga snart over. I dag gjekk nokre få av oss til nærmaste pinsemenighet for å delta på den første 1,5 timen av den tredje gudstenesta på dagen, kl 11.00. Eg forventa skikkeleg afrikansk songglede, men vart ein smule skuffa då det aldri tok heilt av. Ellers var det som i ein karismatisk menighet i Norge, jaffal etter mi erfaring; mykje song, engasjement, informasjon og folk. Vi gjekk faktisk før talen begynte, etter 1,5 time. Men det var godt å vere der.

Seinare på dagen dro vi til Giraff Centre der vi fekk kyssa ein sjiraff heile gjengen. Kjekt med litt nærkontakt, men guri kor vått og slimete...
Etterpå dro vi på shoppingssenter der eg kjøpte postkort, som eg skal sende avgarde så snart eg får tid...

Då er denne veka snart over, og i morgon startar vi med undervisning, som varar til og med tirsdag om to veker. Vi fekk detaljert program i kveld, og det ser veldig lovande ut, med forelesarar frå toppsjiktet i kenyansk samfunnsliv, og høgaktuelle tema. Dei skal greie ut om årsakane til og etterdønningane etter opprøret rundt presidentvalet i 2007, samt forklare forslaget til den nye konstitusjonen. Forslaget blei offentleggjort i media denne veka. I tillegg får vi ei innføring i medie-Kenya.

Etter all undervisninga skal vi vitje ARC i vest-Kenya. Anar ikkje heilt kva det er, men det er vel nokon slags hjelpearbeid. Deretter skal vi på safari i Maasai Mara, før vi dreg vår kos ei veke på Zanzibar. Gler meg!

Ingen kommentarer: