laurdag 21. november 2009

Pruting i Nairobi

Salama! Då har eg komt til Nairobi, dvs eg kom på fredag, men har ikkje fått komt meg så mykje på nett. No sit eg på macen til romvenninna mi Candy. (Takk skal du ha :) )
Lørdagen har vi brukt på å summe oss litt etter Etiopia, og shoppa på Masai Markedet inni Nairobi. Eg brukte over 7000 kenyanske shilling = ca 700 NOK på div suvenirer og gåver... Trur nok eg var hakket dårleg på prutinga i begynnelsen. Eg gjekk med Lisa (blå bukse) som fekk ting for halve prisen av det eg gjorde!
Før shoppinga åt vi lunsj på Stanley Hotel, der vi og fekk moglegheiten til å henge opp ei helsing til nett kven vi ville :)

Vi bur på den norske skolen eller Scripture Mission Conference Centre rett utanfor Nairobi sentrum. Møtte i kveld Ingjerd, ei eg gjekk i 1.klasse journalistikk med! Det var kjekt å sjå ho att, og artig å oppretthalde tradisjonen med å møte bekjente i utlandet (jf blogginnlegg frå Thailandturen då eg møtte vgsfolk)

I morgon skal eg bli med på gudsteneste i ein pinsemenighet borti høgget her. Dei har visst rundt 4000 medlemmar, så det blir nok ei musikalsk og kulturell oppleving!

Men no til fleire glimt frå Etiopia: Vi budde på dette hotellet: RAS Hotel, like i hovudgata i Addis Abeba. Det var 2-stjerners, med shabby rom der det krøp smådyr på veggene. Men det gjekk greit. Fekk prøve det eldgamle og ustemte flygelet i lunsjrestauranten medan hotellmanageren høyrte på. Han var skikkeleg stolt, men det var ikkje mogleg å spele på det for det var for falskt.. Særs i høgre halvdel.

Meg og Lisa på eit område kalt Piazza, der ein kunne få kjøpt gull. Her er me utanfor EMWA (Exchange Media Women Association) som trener opp og bevisstgjer kvinnelege journalistar.Siste kvelden var vi på tradisjonell etiopisk aften med dans og mat. Her et eg injera (=lefsa) med wott (ulike kjøttyper/salater) som du putter oppi injeraen. Eg tykte det var veldig godt. Eg har nemleg smakt det før, i eit etiopisk bryllup eg var gjest i i Bergen for nokre år sidan. Retten fekk derimot ulik mottaking av dei andre i reisegruppa.
Den etiopiske dansen var veldig spesiell, med fokus på heftige skulderbevegingar og ekstremt god kontroll på alle slags musklar. Ein minneverdig aften!

Følg ellers gjerne med på bloggen til min kjære roomie for tida.

Ingen kommentarer: