laurdag 26. desember 2009

Etiopisk avis nedlagt

På studieturen til Afrika vitja vi mellom anna den etiopiske avisen Addis Neger. Sjå innlegg lenger nede på bloggen med bilde av redaktøren Mesfin Negash.

No har avisa sett seg nøydd til å legge ned driften, ifølgje avisa si eigen nettside. Grunnleggarane og redaktørane har rømt landet for å omgå eventuell straffeforfølging etter tiltalar som er reist mot dei. Avisa har over lengre tid slete med fiendtleg innstilling frå etiopiske myndigheiter, og ein svært innskrenka pressefridom har gjeve lite spelerom til å drive ei uavhengig avis.

Dette er svært trist, særleg sidan det snart er val i Etiopia og landet treng ei, så vidt eg forstår, intelligent og uavhengig, avis som kan stille kritiske spørsmål.

1 kommentar:

Malene sa...

Hei kjaere Silje.

Saa kjekt aa hoyre fraa deg..rart det her med at mail adr ikkje fungerte. Prov igjen: audmalene@gmail.com , det skal gaa:)

Har sakna innlegg fraa deg tidlegare, men no var du visst i full gong igjen, bra!!

GLAD I DEG!!

Ha ei vakker og Gudsfyld julehogtid!!:)